Halvdan Sivertsen bannar i kyrkja

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den folkekjære gitarkameraten og bodøværingen Halvdan Sivertsen får kritikk frå fleire kantar i samband med kyrkjeturneen sin i haust.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sivertsen reknar kjærlighetsvisa som signaturen sin, og avsluttar kvar konsert med han. (Foto: halvdansivertsen.no)Sivertsen reknar kjærlighetsvisa som signaturen sin, og avsluttar kvar konsert med han. (Foto: halvdansivertsen.no)

Saman med bandet sitt besøker Sivertsen kyrkjer over heile landet heile hausten, og han reknar med å halde fram i 2006.


Det er i følgje nettsida til Sivertsen 1600 kyrkjer i Noreg, men han veit ikkje kor mange han rekk.


Passar ikkje i kyrkja

I Kristiansand domkyrkje er han booka inn i november, men sokneprest Arnfinn Torjussen synest ikkje tekstane til Sivertsen høver så godt for kyrkjerommet.

I den kjende songen «Kjærlighetsvisa» heiter det:

«Men av og til når tegnan blir førr tydelig,
Og dem som sett med makta gjør mæ skremt.
Når de fine ordan demmes bi motbydelig,
Og tankan bak e jævli' dårlig gjemt.»


Sivertsen reknar denne songen som signatursongen sin, og avsluttar kvar konsert med den.

Torjussen synst ikkje ordet «jævlig» høyrer heime i kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Han seier til avisa Fædrelandsvennen at han beklagar at han ikkje fekk tekstane til gjennomlesing før kontrakten blei skriven. Men han vil ikkje stoppe konserten no, på grunn av eit einaste ord.

Politisk betent


Ingen kyrkjer har stoppa konserten til Sivertsen, men det har vore ein del diskusjonar og motførestellingar.

Sognepresten i Molde, Harald Sunde, er ikkje så opptatt av ordet jævlig. Han reagerer derimot på songen «Amerika», som han meiner har ein politisk betent tekst.

Også Humanetisk Forbund har kritisert turneen til Halvdan Sivertsen. Dei meiner at han taler statskyrkja si sak med den populære turneen sin.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kyrkja er for alle


Sivertsen har kalla turneen «Gjør døren høy», og er opptatt av at kyrkjerommet skal vere ein stad for heile mennesket, og for alle.

«Et kulturhus i ordets beste forstand, med plass for undring, tvil og tro, og musikk. Og humor», skriv han på heimesida si.

Han synest det er greitt at folk ikkje liker songane hans, men let seg ikkje sensurere.

- Det kan hende at kulturen for slike uttrykk nok er meir romsleg i nord enn sørpå, seier han til Avisa Nordland.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tek avstand frå det vonde


Sivertsen har sjølv katolsk bakgrunn, og meiner at han ikkje kallar på vonde makter med ordet jævlig. Poenget med linja er nettopp å ta avstand frå det vonde.

Til tross for kritikken har konsertane til no hausta strålande kritikkar.

Kjelder:

Halvdan Sivertsen sin nettstad
Avisa Nordland

Fleire nynorsk-artiklar:
Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar