Meny

Kristin Halvorsen kan bli finansminister

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Oslo (NTB): SV-leiar Kristin Halvorsen kan bli ny finansminister. Det kan vere eit varsel om at ho tenkjer på å trekkje seg som partileiar.

Fleire SV-arar oppfordrar i følgje Aftenposten Kristin Halvorsen til «å gå der makta ligg», det vil seie til Finansdepartementet. Jens Stoltenberg (AP) skal ikkje ha noko problem med Halvorsen som finansminister.


(foto: SV.no)(foto: SV.no)

Det er ein post mange parti gjennom åra har hatt eit tvetydig forhold til: Finansministeren har store moglegheiter til å påverke alle områda i politikken, men det er også ein arbeidskrevjande post som kan fortona seg som eit gledeslaust departement, som har som hovudoppgåve å si nei til alle gode forslag, skriv Aftenposten.


Få om nokon trur at kombinasjonen partileiar og finansminister vil vere noko lukkeleg løysing over lengre tid.


Til det svarer fleire kilder i SV at Halvorsen «ikkje skal sitte som partieiar til evig tid», og signaliserer at Halvorsen si tid som partileiar kan vere på hell. (©NTB)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk

- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus