Influensavaksinene er klare
Av Arne S. Haugen, Nynorsk Pressekontor
Risikogruppene bør vaksinere seg i perioden september - november.
I løpet av ein influensasesong er det kvart år om lag 1.500 personar som døyr av komplikasjonar i samband med influensa. I hovudsak er dette eldre.
Men også andre, særleg kronisk sjuke med nedsett immunforsvar, kan vere utsette for alvorlege komplikasjonar.
Forsking viser at influensavaksine gjev stor helsegevinst for eldre og kronisk sjuke. Vaksine reduserer risikoen for alvorleg sjukdom og død.
Og om du blir sjuk, blir sjukdomsperioden langt lettare om du er vaksinert. Den positive helseeffekten gjeld både kronisk sjuke og friske, eldre personar over 65 år. (NPK)
Fleire nynorsk-artiklar:
Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar