Kaldt vêr gir stor elg

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Sommartemperaturen avgjer kor fort fryseboksen blir fylt under elgjakta om hausten. Det er nemleg klimaet som regulerer næringstilhøva for elgen, og dermed slaktevekta. Og det er ingen tvil: Ka

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(foto: elg.no)(foto: elg.no)

Tidleg vår og ein lang sesong med kald og fuktig sommar er det beste for elgen, melder Forsking.no.

På grunn av denne samanhengen blir elgen ofte større i Nord-Noreg enn i Sør-Noreg. Gjennomsnittleg slaktevekt på ein «åring» (1,5 år gammal kalv) har vore mellom 120-130 kilo i Agderfylka dei siste åra.

I Troms har same slaktet ei vekt på mellom 150 og 160 kilo.

Oppdaginga er gjort av Ivar Herfindal ved Institutt for biologi ved NTNU og Erling J. Solberg på Norsk institutt for naturforsking (NINA). Dei har studert vegetasjonsindeksar frå satellittbilete og klimadata frå verstasjonar. Dei har altså funne grunnlag for det gamle ordtaket om at: - Dårleg sommar for bonden gir ein god haust for jegeren. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk

- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar