Blodtørstig edderkopp

Artikkelen fortsetter under annonsen

Edderkoppar er ekle, det er ikkje til å kome forbi. No har forskarar kome fram til at nokre av dei også er blodtørstige.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Edderkoppane er frå før kjende for å vere stygge, lumske, og å eta dei dei elskar. No kjem det fram at dei ikkje let seg be to gonger om dei luktar blod.

Blodtørstig, men nyttig.Blodtørstig, men nyttig.

Forskarar frå New Zealand, Australia og Kenya har studert kva edderkoppar liker å ha til middag.

Herlege, blodfylte homyggar


Då dei åttebeinte fekk valet mellom forskjellige insekt som hadde ete forskjellige ting, kom det fram at:

Yndlingsretten var homyggar med magane fulle av blod.

Verken myggar av han- eller hokjønn som hadde ete sukker, var særleg interessante dersom det var blodmat å få. Større myggar var dei heller ikkje interesserte i, viss det fanst mindre med blodfyll.

Kan ikkje suge blod


Det finst edderkoppar som bit menneske, og nokre er giftige. Men å suge blod gjer dei ikkje.

Munnen deira er ikkje i stand til å suge blod frå menneske og dyr.

Desse edderkoppane (av arten Evarcha culicivora finst berre i Afrika, nærmare bestemt i Kenya og Uganda), vert også kalla mosquito terminators. Fordi dei dei med stor matlyst kan kaste seg over, drepe og ete 20 myggar i slengen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nyttige

Men desse skapningane er ikkje berre ekle. Det er håp om at dei kan hjelpe oss i kampen mot farlege sjukdommar som malaria, ved å slakte ned smittebefengte myggar.

Dei ser faktisk ut til å føretrekkje myggar som ber farleg smitte, noko som kan gjere at dei blir svært nyttige.

I følgje forskarane er dette første gong vitskapen har oppdaga dyr som vel bytte etter kva dei har ete.

Kjelder

Forskning.no
University of Canterbury
• Illustrert vitenskap

Meir om edderkoppar og andre kryp i

Neste Klikk:


• Kravlende, krypende edderkopper
Fakta om insekter og slikt


• Edderkoppar er til og med ein eigen kategori

i Startsida si lenkjesamling


Andre stader


Hvordan føles det å bli bitt av en giftig edderkopp?
Naturhistorisk museum si eiga edderkoppside