Meny

Tidsklemma gjer skulevegen utrygg

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Tidsklemma fører til at fleire køyrer barna sine. Travle foreldre gjer skulevegen utrygg for barn som går eller syklar.

Av Nynorsk Pressekontor, Nynorsk Pressekontor

Denne veka og neste veke er det internasjonale gå-til-skulen-veker. Politiet vil ha ekstra fok ute for å kontrollere trafikken rundt skulene. (Foto: Anders Malm, NPK)Denne veka og neste veke er det internasjonale gå-til-skulen-veker. Politiet vil ha ekstra fok ute for å kontrollere trafikken rundt skulene. (Foto: Anders Malm, NPK)

Dårleg tid om morgonen gjer at mange foreldre køyrer barna sine til skulen, dermed blir trafikken rundt skuleområda tettare.

Problemet er størst om morgonen, og utrygge barn kan gjere at fleire vel å køyre barna sine til skulen. Trafikkerte skulevegar kan dermed gjere at fleire køyrer bil, noko som skapar ein «vond sirkel».

- Foreldre som må køyre barna sine kan kanskje parkere eit stykke unna skulen for å hjelpe til med å minske trafikken heilt inntil skulens nærområde, foreslår rådgjevar Cecilie Waterloo Lindheim i Statens vegvesen.


Stort potensial


Langt fleire barn går heim frå skulen enn til skulen, viser ei undersøking Transportøkonomisk institutt har gjort på oppdrag frå Statens vegvesen. For barn fra 3. til 7. klasse, som har mellom 500 meter og 3 kilometer til skulen, er det rundt 10 prosent fleire som går heim frå skulen enn som går til.

- Det kan ha si naturlege årsak i at det ikkje finst noko alternativ til å gå heim frå skulen, men viser også at det er fullt mogleg for langt fleire å gå til skulen, seier Lindheim.

Ho legg til at barn som har vore i aktivitet før skuletid er meir mottakelege for læring enn dei som passivt blir transportert til skuledøra.


Internasjonal gå-til-skulen veke


Denne veka er det fokus verda over på skuleveg og fordelane ved å gå til skulen. Mange skular arrangerer eigne aktivitetar for å få fleire av elevane til å vere aktive på skulevegen. Politiet har også ekstra folk ute for å kontrollere trafikken rundt skulane både i denne veka og neste.

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus