Meny

30 kommunar vurderer samanslåing

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Tre av fire kommunar er opne for at det bør skje strukturendringar i kommune-Noreg. Om lag 30 kommunar diskuterer samanslåing, fortel Kommunal Rapport.

Av Nynorsk Pressekontor, Nynorsk Pressekontor

(Foto: www.lib.utexas.edu)(Foto: www.lib.utexas.edu)

Det er sluttrapporten frå prosjektet «Framtidens kommunestruktur - kommunar med ansvar for egen utvikling» som tyder på at mange kommunar er på glid når det gjeld kommuneinndelinga.

Kommunaldepartementet og Kommunenes Sentralforbund (KS) har gjennomført prosjektet, som omfattar 413 kommunar.

Strukturendring nødvendig


- Dersom alle kommunane skal gjerast i stand til å løyse omfattande velferdstenester også i åra som kjem, er strukturendringar nødvendig, heiter det frå ei samla koordineringsgruppe, leia av administrerande direktør Olav Ullern i KS.

Gruppa meiner det er viktig at Kommunaldepartementet og KS samhandlar både politisk og administrativt om den vidare prosessen. Med felles standpunkt vil det bli lettare å finne gode løysingar, meiner gruppa.

Dei kommunane som har søkt om midlar for å arbeide vidare med samanslåing er Odda, Jondal, Granvin, Ullensvang, Søndre Land, Vestre Toten, Gjøvik, Nord-Fron, Sel, Vågå, Masfjorden, Austrheim, Fedje, Lindås, Meland, Radøy, Hurdal, Eidsvoll, Aukra, Midsund, Bokn, Tysvær, Hamar, Stange, Nannestad, Ullensaker, Gran, Lunner, Gausdal og Lillehammer. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus