Vil ha lokalbestemt skatt

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Kommunestyret i norske kommunar må kunne heve eller setja ned inntektsskatten til innbyggjarane med to prosent. Det meiner eit breitt spekter av KS-politikarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Nynorsk Pressekontor, Nynorsk Pressekontor

Eit KS-utval (Kommunenes Sentralforbund) med politikarar frå alle politiske parti seier ja til lokal skatt. Drammen-rådmann Nils Wisløff leier utvalet, som no legg fram ei offentleg, kommunal utgreiing om friare skattleggingsrett for kommunane.

Kommunar i Sverige og Danmark har i mange år stått fritt til å setje skattenivået sjølve.

- Noreg har mykje større skilnader i busetjingsmønster, og vi foreslår større avgrensingar enn dei har i Sverige og Danmark. Men situasjonen slik den er i dag, er heilt låst, seier leiar av utvalet, Nils Wisløff, til Kommunal Rapport.


Set ikkje ned skatten


I dag betaler alle nordmenn 13,2 prosent inntektsskatt til kommunen, som er det maksimale kommunane kan krevje i inntektsskatt. Ikkje sidan 1979 har nokon kommune vedteke noko anna enn makssatsen - sjølv om dei også i dag har høve til å senke skattane.

Utgreiinga er ikkje heilt ferdig, men samandraget som no blir sendt til sentralstyret i KS, viser at partia samlar seg i kravet om å gi kommunane sjanse til å heve eller setja ned skattane med to prosentpoeng.

I tillegg ønskjer utvalet å lage ei norm for å rekne ut kva innbyggjarane i kommunane skal betale for vatn, avløp og renovasjon - etter same mønster som for nettleige.

- Forslaget vil gje eit mykje sunnare økonomisk regime enn dagens sjølvkostmodell. I staden for å leggje alle kostnader på brukarane, får kommunane motivasjon til å effektivisere.

Dei vil også kunne ta ut økonomisk gevinst, i motsetning til i dag, seier Wisløff til Kommunal Rapport. Utvalet vil også opne for at vindkraft og oppdrett skal gje naturressursskatt. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar