Meny

Forbode med to hundar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Jølster kommune i Sunnfjord har sendt ut eit forslag på høyring som gjeld hundehald.

Ifølgje dei nye reglane skal det til dømes berre vere lov å ha ein hund per husstand.

Det er med bakgrunn i naboklager at kommunen no har valt å gå hardt til verks.

I forslaget vert det forbode å ha meir enn ein hund dersom ein bur i byggjefelt. For dei som bur meir grisgrendt går grensa ved to vaksne hundar. Kommunen krev også at hundeeigarane til kvar tid har kontroll på hundane sine. Det vil i mange tilfelle seie bandtvang.

Rådmann Jostein By meiner talet på hundar skal ha tilbakeverkande kraft. Det vil seie at dei som har fleire hundar når reglane trer i kraft, ikkje får dispensasjon. Men han vil gi hundeeigarane tid til å områ seg.

Høyringsfristen for det nye regelverket er sett til 1. desember. Deretter skal politikarane drøfte saka, melder NRK Sogn og Fjordane. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus