Meny

Kamp for nynorsk som mediespråk

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): - Eg vil påstå at den liberale språkpolitikken til Bergens Tidende har vore viktigare for nynorsken enn noko anna dei siste femti åra, sa Olav Kobbeltveit under 50-årsjubileet til Kringkastings

Av Johanne Landsverk, Nynorsk Pressekontor

Leiaren i Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, vart heidra under jubileumsfesten . Ho har kjempa hardt for å behalde NRK Sogn og Fjordane i Førde. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Leiaren i Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, vart heidra under jubileumsfesten . Ho har kjempa hardt for å behalde NRK Sogn og Fjordane i Førde. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

På seminaret «Språk er makt i media» snakka Olav Kobbeltveit frå Bergens Tidende (BT) om den språkpolitiske utviklinga i avisa fram til i dag.

- Tidlegare var det berre stoff frå distriktet som kunne skrivast på nynorsk i BT, medan alt stoff frå by og utland måtte vere på bokmål, fortalde han.
Men med redaktør Kjartan Rødland kom den gamle språkpolitikken i ulage, og nynorsken braut nytt land. Dette var ein redaktør som tykte nynorsk var brukande til meir enn «fjos, flor og fiskeri».

Kobbeltveit meinte at 30 år med aktiv kamp for nynorsk i BT har vore heilt uvurderleg.

Rommetveit i sentrum


Eg vil påstå at den liberale språkpolitikken til Bergens Tidende har vore viktigare for nynorsken enn noko anna dei siste 50 åra, sa Olav Kobbeltveit under 50-årsjubileet for Kringkastingsringen. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Eg vil påstå at den liberale språkpolitikken til Bergens Tidende har vore viktigare for nynorsken enn noko anna dei siste 50 åra, sa Olav Kobbeltveit under 50-årsjubileet for Kringkastingsringen. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

Under seminaret heldt også Sylfest Lomheim foredrag om Magne Rommetveit og nynorsken i NRK. Både Lomheim og Rommetveit har vore språkkonsulentar i statskanalen, og her fekk vi eit innblikk i korleis det har stått til med nynorsken i NRK frå byrjinga og fram til i dag.

Rommetveit gjorde også ein stor innsats som dagleg leiar i Kringkastingsringen dei første åra, og difor stod han på mange vis i sentrum under jubileumsfeiringa, ikkje minst på festen om kvelden.

Og kven kunne passe betre til å hylle Kringkastingsringen enn Are Kalvø, som i år fekk Kringkastingsprisen? Med sin typiske skarpe satire kåserte han over teamet «Korleis bli kvitt bokmålet?»

Under jubileumsfesten vanka det også heider til Magni Øvrebotten som har kjempa hardt for å behalde NRK Sogn og Fjordane i Førde, og som no er leiar for Nynorsk mediesenter i Førde. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus