(NPK): - Eg vil påstå at den liberale språkpolitikken til Bergens Tidende har vore viktigare for nynorsken enn noko anna dei siste femti åra, sa Olav Kobbeltveit under 50-årsjubileet til Kringkastings
Av Johanne Landsverk, Nynorsk Pressekontor
Leiaren i Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, vart heidra under jubileumsfesten . Ho har kjempa hardt for å behalde NRK Sogn og Fjordane i Førde. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)
- Tidlegare var det berre stoff frå distriktet som kunne skrivast på nynorsk i BT, medan alt stoff frå by og utland måtte vere på bokmål, fortalde han.
Men med redaktør Kjartan Rødland kom den gamle språkpolitikken i ulage, og nynorsken braut nytt land. Dette var ein redaktør som tykte nynorsk var brukande til meir enn «fjos, flor og fiskeri».
Kobbeltveit meinte at 30 år med aktiv kamp for nynorsk i BT har vore heilt uvurderleg.
Rommetveit i sentrum
Eg vil påstå at den liberale språkpolitikken til Bergens Tidende har vore viktigare for nynorsken enn noko anna dei siste 50 åra, sa Olav Kobbeltveit under 50-årsjubileet for Kringkastingsringen. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)
Rommetveit gjorde også ein stor innsats som dagleg leiar i Kringkastingsringen dei første åra, og difor stod han på mange vis i sentrum under jubileumsfeiringa, ikkje minst på festen om kvelden.
Og kven kunne passe betre til å hylle Kringkastingsringen enn Are Kalvø, som i år fekk Kringkastingsprisen? Med sin typiske skarpe satire kåserte han over teamet «Korleis bli kvitt bokmålet?»
Under jubileumsfesten vanka det også heider til Magni Øvrebotten som har kjempa hardt for å behalde NRK Sogn og Fjordane i Førde, og som no er leiar for Nynorsk mediesenter i Førde. (NPK)
Fleire nynorsk-artiklar:
Nynorsk- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar
Takk for at du abonnerer
Motta våre nyheter via Messenger
Jeg godtar brukvervilkårene
Populært