Nynorsk redaktørpris til Nationen

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Nynorsk redaktørpris 2005 vart i helga delt ut til Tove Lie, sjefredaktør i Nationen. Det er Mediemållaget som deler ut denne prisen, som går til ein redaktør som viser ein ekstra innsats for n

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Johanne Landsverk, Nynorsk Pressekontor

- Redaktøren i Nationen har i spaltene sine synt eit klart standpunkt for nynorsk i media, og oppmodar til nynorskbruk blant eigne journalistar. Avisa har også sett fokus på ei rekkje viktige nynorskrelaterte saker.

Alle som vil det får skrive nynorsk i Nationen, sier sjefredaktør Tove Lie, som er tildelt nynorsk redaktørpris 2005. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Alle som vil det får skrive nynorsk i Nationen, sier sjefredaktør Tove Lie, som er tildelt nynorsk redaktørpris 2005. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

Difor er vi svært glade for å kunne gje Nynorsk redaktørpris 2005 til Nationen, sa leiaren i Mediemållaget, Inger Johanne Sæterbakk, då ho delte ut prisen.

Prisen skal oppmuntre redaktørar som gjev nynorsken gode levevilkår og som opnar opp for nynorsk journalistikk.


Skal bli endå flinkare


Sjefredaktør Tove Lie er stolt over å få Nynorsk redaktørpris 2005.
- Det er svært inspirerande at vi blir lagt merke til. Og det skulle berre mangle at Nationen ikkje skulle sleppe til nynorsk i spaltene. Det er trass alt bygdefolkets avis, seier Tove Lie til Nynorsk Pressekontor.

- Men dette er også ein pris som forpliktar?
- Ja, dette gjer at vi må bli endå flinkare framover. Vi har gjennomført ei

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det skulle berre mangle at vi ikkje skulle sleppe nynorsken til i Nationen. Det er trass alt bygdefolkets avis, seier sjefredaktør Tove Lie. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Det skulle berre mangle at vi ikkje skulle sleppe nynorsken til i Nationen. Det er trass alt bygdefolkets avis, seier sjefredaktør Tove Lie. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

brukarundersøking der vi spurde kva lesarane synest det er for lite av i Nationen. Det viste seg at 31 prosent syntest det var for lite nynorsk i avisa, seier ho.

Redaktøren fortel at det er fleire år sidan Nationen fekk negative reaksjonar på at avisa har nynorsk i spaltene. (NPK)




Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar