Psykisk sjuke etterlyser ansvar

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Mange pasientar med psykiske lidingar opplever at ingen i behandlingsapparatet tek ansvar for dei, viser ein ny rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) har på oppdrag frå Noregs forskingsråd arbeida fram rapporten, som er eit ledd i evalueringa av Opptrappingsplanen for psykisk helse. Rapporten konsentrerer seg først og fremst om erfaringane til brukarane og dei pårørande.

Det er store variasjonar i erfaringane til brukarane, men generelt ønskjer dei sterkare innverknad på eiga behandling.

Dårleg oppfølging av barn og unge


Vidare er det ein tendens til at ungdommar i risikosona må gå lenge med store problem utan at helsesøster eller skule formidlar kontakt med hjelpeinstansar. Lamark i Sosial- og helsedirektoratet tek til orde for meir kursing.

- Vi må utvikle gode metodar for å fange opp barn som er i risikosona for å utvikle psykiske lidingar. Desse bør bli fanga opp så tidleg som mogleg. Det er viktig at dei som jobbar med barna i kvardagen, slik som lærarar, barnehagepersonell og helsepersonell, får betre kompetanse på å identifisere barn i risikosona, seier Bjørg Lamark i Sosial- og helsedirektoratet.

Skulane er lite flinke til å oppdage barn med psykiske problem, og til å vise dei vidare. Rolla til dei pårørande i psykiatrien er uavklart, og det blir etterlyst meir informasjon og sterkare involvering av pårørande. Slik oppsummerer forskarane sjølv hovudfunna, ifølgje heimesidene til Sosial- og helsedirektoratet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fekk ikkje hjelp


- Vi ønskjer i større grad å leggje vekt på at brukarane skal få meir informasjon om, og sterkare deltaking i, utforminga av eigen behandling, seier prosjektleiar Bjørg Lamark i Sosial- og helsedirektoratet.

Forutan å ville bestemme meir over eigen behandling, opplever mange brukarar at ingen i tenesteapparatet tek eit heilskapleg ansvar for dei, og at dei sjølve må følgje opp tenestene. Samtidig tek hjelpeapparatet i liten grad ansvar for å gje informasjon om, eller tilbod om, individuell plan i behandlinga.

- Individuell plan er eit viktig verktøy, både for at brukarane skal få meir informasjon om og moglegheit til å medverke i eigen behandling, og for at dei ulike tenestene skal kunne samarbeide betre, fortel Lamark.

Aftenposten har snakka med ein tidlegare psykiatrisk pasient. Etter sju månader på institusjon fekk ho beskjed om at eit apparat med psykiater og gruppeterapi stod og venta på ho i heimkommunen Oppegård. Det var ikkje tilfellet.

- Eg var redd for alt; å gå over dørstokken, liggje i senga og å dusje, eg trudde eg skulle dø. Hadde eg ikkje hatt familie rundt meg, hadde eg aldri klart det, seier ho til avisa. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar