Matkrise i sørlege Afrika

(NPK): 10 millionar menneske er no truga av svolt i fleire land i sørlege Afrika.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Enkelte stader er situasjonen verre enn den var under matkrisa for tre år sidan, opplyser Norges Røde Kors.

Tørke har ført til dårlege avlingar i Lesotho, Malawi, Mosambik, Namibia, Swaziland, Zambia og Zimbabwe. Dyrkinga av neste års avling startar i oktober/november og vert hausta inn i mars/april. Til den tid må store mengder mat bli distribuert i regionen.

Røde Kors ber no om 80 millionar kroner til hjelpearbeidet, som i første omgang inneber utdeling av mat til over halvannan million menneske fram til neste innhausting i 2006.

Røde Kors skal i tillegg dele ut jordbruksreiskap og hjelpe menneske som er råka av hiv/aids. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar



Personvernpolicy