Meny

Fryktar meir overvaking på arbeidsplassen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Datatilsynet fryktar eit aukande press i retning av meir overvaking og fleire kontrolltiltak på norske arbeidsplassar. No intensiverer tilsynet kontrollen på området.

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

- Vi reknar med at fleire arbeidsgjevarar nesten føler seg pressa til å ta i

Datatilsynet reknar med at overvaking av norske arbeidstakarar blir stadig vanlegare. (Foto: Anders Malm, NPK)Datatilsynet reknar med at overvaking av norske arbeidstakarar blir stadig vanlegare. (Foto: Anders Malm, NPK)

bruk moglegheitene til kontroll som følgjer med når ein kjøper nye data- og telefonsystem. Dei har jo trass alt betalt for det, seier Astrid Flesland, fagansvarleg for arbeidslivssektoren hos Datatilsynet, til nettstaden for tilsynet.

Tek etter USA


Flesland fryktar at Noreg tek etter andre land som har ein heilt anna arbeidskultur enn her i landet, til dømes USA. Her har det lenge vore kultur for eit høgt nivå av overvaking av dei tilsette.

Ei undersøking som vart gjort blant 526 amerikanske selskap i mai i år, viser at 76 prosent av arbeidsgjevarane overvaker dei tilsettes internettbruk, medan over halvparten av arbeidsgjevarane lagrar og kontrollerer arbeidstakaranes filer.

Ein dryg tredel av verksemdene registrerte tastetrykk og effektiv skrivetid, samt såg gjennom filer. Meir enn halvparten leste dei e-posten til dei tilsette.

Datatilsynet trur at det kjem til å bli et stadig stigande press i retning av meir overvaking og fleire kontrolltiltak på arbeidsplassane.
- Det er viktig å spørje seg om kva for verknad dette vil få for arbeidsmiljøet. Lit du verkeleg så lite på dei tilsette? spør Flesland.


Stolar på arbeidsgjevar


Ei ny norsk undersøking frå Transportøkonomisk institutt avdekkjer at nær 70 prosent av norske arbeidstakarar ikkje ønskjer kameraovervaking på jobben eller lærestaden.

Nesten halvparten av dei spurde meiner det er problematisk om arbeidsgjevar eller lærestaden kan sjå kven ein vekslar e-post med, medan om lag tre av fem spurte meiner det er problematisk om arbeidsgjevar eller lærestad kan lese innhaldet i e-posten. Berre 27 prosent synst det er problematisk at arbeidsgjevar kan sjå kva for nettstader ein har vore inne på.

Sjølv om vi ikkje har noko til overs for overvaking på jobben, lit vi på at arbeidsgjevaren behandlar personopplysningar ryddig. Berre 16 prosent svarar at dei har liten eller ingen tillit til arbeidsgjevarar generelt.

Datatilsynet skal i haust på tilsyn til om lag 15 arbeidsplassar for å sjå på kva måte e-post blir handtert, om verksemdene nyttar lydopptak, og korleis dei brukar personalmapper.

- Desse sakene er ikkje enkle. På den eine sida har ein arbeidsgjevarens rett til å føre ein viss kontroll med sine tilsette. På den andre sida har ein den tilsettes rett til personvern, seier Christine Ask Ottesen, juridisk rådgjevar i Datatilsynet.

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus