Visesongar med rocka historieverk

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Norsk pophistorie er endeleg samla mellom to permar. Bak står den folkekjære artisten Jan Eggum, som har satsa eit millionbeløp av eiga lomme på utgivinga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Visesongaren Jan Eggum står bak det ferske Norsk pop- og rockleksikon. I tillegg til svette og tårer har han har lagt ned ti år og ein drøss med pengar i arbeidet. (Foto: Nynorsk Pressekontor, NPK)Visesongaren Jan Eggum står bak det ferske Norsk pop- og rockleksikon. I tillegg til svette og tårer har han har lagt ned ti år og ein drøss med pengar i arbeidet. (Foto: Nynorsk Pressekontor, NPK)

Kven spelte med kven, med kva for instrument, i kva for band, når? Kor og kven er dei nå, og kva blir det neste? «Norsk pop- og rockleksikon» er det klart største oppslagsverket over norsk musikk dei siste 100 åra, og prøver å gje svar på spørsmål som dette.

Verket er rikt illustrert og alfabetisk sortert, og inkluderer populærmusikk heilt tilbake til 1905. Folk kan bla seg gjennom 100 år med norsk popmusikk, og tenkje: «Finst det eigentleg så mange norske artistar?» Og det gjer det, ifølgje bakmann Jan Eggum.

Lite jazz og folkemusikk

- Vi fekk plass til 1.300 artistar. Utgangspunktet var nesten det dobbelte, men vi måtte kutte ned på talet. Sidan dette er eit pop- og rockleksikon valde vi å kutte ned i jazz- og folkemusikksjangeren, og det synst eg var synd sidan vi har mange flinke, norske artistar i desse sjangrane, fortel Jan Eggum til Nynorsk Pressekontor.

Arbeidet med leksikonet starta for omtrent ti år sidan. Eggum kikka på platesamlinga si, som då talde 4.000 til 5.000 vinylplater, og tenkte: «Eg må gjere noko med dette materialet».

Ti år seinare sitt Eggum med ei platesamling som er dobla, eit leksikon mellom hendene og ein bankkonto som er noko slankare enn kva han kunne ha vore. Eggum har satsa om lag 1,5 millionar kroner av eiga lomme på prosjektet.

- Det er vågalt, eg innser det. Men no er eg først og fremst glad for at vi har fått leksikonet ut i butikkane. Dette er mitt bidrag til den norske musikkhistoria, seier Eggum.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Må selje 25.000


Til og begynne med var leksikonet berre meint å famne dei siste 40-50 åra av den norske musikkhistoria. Men prosjektet balla på seg som ein snøball i nedoverbakke, og til slutt bestemte Eggum og dei to andre redaktørane at det skulle gå heilt tilbake til 1905.

Det gav dei støtte frå stiftinga Noreg 2005, som har ansvaret for avviklinga av Hundreårsmarkeringa. Fleire forfattarar måtte leigast inn, og prosjektet vart noko dyrare enn venta.

- Eg har rekna ut at vi må selje 25.000 eksemplar av leksikonet for at eg skal dekkje eigne utgifter, fortel Eggum. Førsteopplaget på 5.000 er snart seld ut, og andreopplaget på 5.000 nye eksemplar er bestilt. Eggum er optimistisk.

- Eg var usikker på om vi skulle greie det då vi starta salet. Men no har boka allereie eit opplag på 10.000. I tillegg reknar vi med å selje ein del til jul. Dette er jo den perfekte julegåve, som famnar både oldemor på 90 år og tenåringen i huset, reklamerer visesongaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Problem med punken


Norsk pop- og rockleksikon. (Foto: Vega Forlag, NPK)Norsk pop- og rockleksikon. (Foto: Vega Forlag, NPK)

Forlagssjef Finn Jørgen Solberg i Vega Forlag fortel at prosessen med å velje ut kva for artistar som skulle få plass i leksikonet var hard.
- På det meste hadde vi over 2.500 artistar på lista, som alle fylte det grunnleggjande kriteriet at dei hadde gitt ut ei plate.

Men det viste seg at det var ei altfor laus avgrensing. Vidare hadde du det motsette problemet under punk-perioden, kor dei fleste banda berre gav ut singlar, fortel Solberg.

På 600 sider skal leksikonet ta for seg eit breitt spekter innan populærmusikken. Solberg fortel at det kunne vere vanskeleg å skilje dei ulike sjangrane.

- Kor sluttar folkemusikken og kor startar folkrocken, når blir jazzpop berre jazz? Spørsmål som dette har vi hatt mange, lange og store diskusjonar på, seier forlagssjef Solberg. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar