Meny

Gardsarbeid som terapi

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Over 600 norske gardar har tilbod til personar som ikkje finn ein plass i det vanlege arbeidslivet. Her kan deltakarane stelle med dyr og anna gardsarbeid, og får tryggleik og sjølvtillit tilba

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

På Noss Aktivitetsgård AS i Sunnfjord kommune i Sogn og Fjordane kan ungdom til dømes mekke bil, køyre truck eller hjelpe til med vanleg gardsarbeid som her i jordbæråkeren. (Foto: Privat, NPK)På Noss Aktivitetsgård AS i Sunnfjord kommune i Sogn og Fjordane kan ungdom til dømes mekke bil, køyre truck eller hjelpe til med vanleg gardsarbeid som her i jordbæråkeren. (Foto: Privat, NPK)

Slike gardsbruk med tilrettelagde tilbod finst i alle fylke. På landsbasis er det vekst i talet på gardar med slike tilbod som er under etablering. Nettverket «Inn på tunet - garden som ressurs for opplærings-, helse og sosialsektor» skal vere eit knutepunkt for bønder som jobbar med eller interesserer seg for denne verksemda, såkalla «grøn omsorg».


Blir nedprioritert


Mykje tyder på at dette er eit felt som blir stadig viktigare. Berre i løpet av fjoråret vart det registrert 53.000 nye yrkeshemma hos Aetat. Kvinner i alderen 30 til 39 år er den gruppa som er mest utsett for å bli hemma frå å delta i det vanlege yrkeslivet.

Berre i Sogn og Fjordane er det no over 40 gardar med ulike tilbod innanfor skulesektoren, helse og omsorg. Samtidig ser ein at svak kommuneøkonomi og korttidskontraktar bidreg til at gode og veletablerte tilbod er sårbare.

- Eg føler det er viktig at ein kan gje eit godt opplegg til menneske som treng det. Men økonomien i kommunane som brukar oss kan vere slik at område som «Inn på tunet» og eldreomsorg blir nedprioritert, sjølv om ein ser at det er eit gunstig behandlingstilbod, seier gardbrukar Arnfinn Noss til Nynorsk Pressekontor.

Gardbruker Arnfinn Noss driv Aktivitetsgarden Noss og er leiar for tilbydarnettverket i Sogn og Fjordane. (Foto: Privat, NPK)Gardbruker Arnfinn Noss driv Aktivitetsgarden Noss og er leiar for tilbydarnettverket i Sogn og Fjordane. (Foto: Privat, NPK)

Noss er leiar for tilbydarnettverket i Sogn og Fjordane. Han fortel at mange bønder i fylket driv med dette i tillegg til vanleg gardsdrift. Andre har eit meir fullstendig behandlingstilbod. Sjølv har han tilbydd arbeidstrening til vanskelegstilt ungdom sidan 1987 på garden som ligg i Sande i Sunnfjord kommune.

Ung bransje


- Dette er framleis ein ganske ung bransje. Vi arbeidar no med å etablere eit sterkt nettverk som skal vere eit bindeledd mellom gardbrukarane og kommunen. Både for å informere om kva for tilbod vi ønskjer å gje og for å kvalitetssikre våre eigne tenester.

Det er og viktig å samkøyre praktiseringa i dei ulike kommunane. No har tilbydarane individuelle avtalar med dei ulike kommunane, fortel Noss.

Mange gardar har eigne butilbod over tid. Men det kan og vere snakk om timebaserte tilbod som går gjennom heile år, eller i helgar og feriar. Fleksibilitet blir sett på som viktig.

- Vi ønskjer å gje gode, individuelle tilbod til folk som treng det. Ein må sjå an interessene til dei som brukar oss, enten dei er ungdom, eldre, rusmisbrukarar, menneske med psykiske lidingar eller er funksjonshemma på andre måtar. Alle menneske er ulike, og dette kan aldri bli ein A4-bransje, seier Noss.

Trondheim anbefaler


Trondheim kommune er involvert i Inn på tunet-prosjektet med seks ulike gardar i kommunen. Og for augneblinken arbeidast det med to nye. Einingsleiar Søren Nielsen er ansvarleg for prosjektet i kommunen. Han ser på gardsarbeid som svært verdifullt for menneske som ikkje har høve til å delta i arbeidslivet elles, og anbefaler Inn på tunet til alle norske kommunar.

- Det går ikkje an for kommunane å seie at dei ikkje har råd til å setje i gang slike prosjekt. Desse gardane gjev eit tilbod som ein ikkje kan få andre stader, og er ikkje dyrare enn prosjekt som kommunane sett i gang sjølve. Det går meir på om kommunane ønskjer å prioritere tiltak som dette, seier Søren Nielsen.

Bra å arbeide med dyr


Han seier vidare at dei fleste av kommunane her i landet er landbrukskommunar, og det er dumt å ikkje utnytte ein ressurs som allereie ligg der.

- Å arbeide med dyr appellerer til veldig mange menneske. Brukarane av Inn på tunet er i mange tilfelle folk som ikkje har så stor sosial omgangskrins. Og kjensla av at det er dyr på garden som ventar på deg, og treng deg, kan vere veldig viktig for mange, fortel Nielsen.

- Eg er ikkje i tvil om at gardsarbeid både kan gje sjølvtillit og arbeidsglede tilbake til menneske som ikkje finn ein plass i det vanlege arbeidslivet, avsluttar Søren Nielsen i Trondheim kommune. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus