Fleire er blitt avhengige av pengespel

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Over 200.000 nordmenn har, eller står i fare for å utvikle, eit alvorleg speleproblem. Speleavhengige står for 90 prosent av inntektene til speleautomatane, viser ei ny undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Aggressive automatar som dette forsvinn frå nyttår, og skal bli erstatta av dei nye, «snille» automatane til Norsk Tipping. (Foto: Anders Malm, NPK)Aggressive automatar som dette forsvinn frå nyttår, og skal bli erstatta av dei nye, «snille» automatane til Norsk Tipping. (Foto: Anders Malm, NPK)

Ei ny undersøking om spelvanar og spelproblem viser at over 70.000 menneske i Noreg har alvorlege problem med pengespel, medan over 130.000 menneske står i faresona for å utvikle eit problem med pengespel. Det er ein markant auke samanlikna med tidlegare undersøkingar.

- Det er særs viktig at vi får ned ventetida på behandling av speleavhengige. Når spelarane går til det skrittet å søkje hjelp, så har spelproblemet kome langt i utviklinga og då hastar det, seier Finn Gyllstrøm, spesialkonsulent for speleavhengige hos Østnorsk kompetansesenter.


Meir forsking


Finn Gyllstrøm er spesialkonsulent for speleavhengige hos Østnorsk kompetansesenter. (Foto: Anders Malm, NPK)Finn Gyllstrøm er spesialkonsulent for speleavhengige hos Østnorsk kompetansesenter. (Foto: Anders Malm, NPK)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gyllstrøm peikar på at å vere avhengig av pengespel har meir alvorlege følgjer enn at ein blir blakk. Speleproblem fører ofte med seg psykiske lidingar som depresjon, familieproblem, trøbbel med jobben, og kan på mange måtar likne problema som rusavhengige ofte har.

- Det er viktig at vi både opprettar nye behandlingstilbod, og at dei polikliniske behandlingstilboda vi allereie har blir tilførd ressursar. Vidare treng vi meir forsking og kunnskap om kven spelarane er, og kva for grupper vi bør sette inn hjelpetiltak mot, seier Gyllstrøm hos Østnorsk kompetansesenter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Nye automatar frå nyttår


Kultur- og kyrkjedepartementet har bestemt at dei utbetalingsautomatane som finst i dag skal bli fjerna innan utgangen av året.

- Borgarting lagmannsrett har konkludert med at einerettsmodellen ikkje er i strid med EØS-avtalen. Automatreforma er eit avgjerande sosialpolitisk tiltak for å avgrense speleavhengigheit.

Dagens utbetalingsautomatar skapar meir samfunnsmessige problem enn noko anna pengespel har gjort i Noreg. Desse automatane må derfor bli fjerna så fort som mogleg, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Modellen med einerett til Norsk Tipping blir sett i verk i løpet av neste år.
Gyllstrøm hos Østnorsk kompetansesenter er spent på kva for verknad dei nye «snille» automatane har på spelomsetninga.

- Dette er på mange måtar eit stort eksperiment, sjølv om eg trur dei nye automatane kan ha ein gunstig effekt over tid. Vi ser nok ikkje nokon umiddelbar effekt. Om eit par år får vi sjå på om det nyttar med «snille» vinstautomatar, eller om ein rett og slett må vurdere å forby dei, seier Gyllstrøm.

I Sverige har Svenska Spel hatt einerett på utplassering av automatar sidan 1996. Data herfrå syner at monopol verken er eit effektivt instrument for å handheve aldersgrensene eller til å minke omsetninga per automat. Monopolet i Sverige har dessutan ført til omfattande og stigande problem med illegale speleautomatar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Automatar største problem


Undersøkinga om pengespel er utførd av MMI på oppdrag frå Norsk Tipping. 3.135 personar har svart. Undersøkinga slår fast at menn i aldersgruppa 15 til 24 år er i fleirtal blant risiko- og problemspelarane. Dei har ofte låg inntekt og låg utdanning, og mange i denne gruppa er einslege, elevar, studentar eller lærlingar.

Speleautomatar og internettspel, som til dømes poker, utgjer det største problemet for såkalla problemspelarar. Dei speleavhengige står for 90 prosent av inntektene til speleautomatane.

Medan dei står for dryge 60 prosent av omsetninga på internettspel. I gjennomsnitt brukar ein problemspelar 40.000 kronar i året på speleautomatar, og omtrent 20.000 kroner på internettspel, ifølgje undersøkinga.

Organisasjonane som har slike automatar vil samla ta imot om lag 2 milliardar kroner i automatinntekter i år. Det er over 1 milliard kroner meir enn det inntektsnivået Stortinget bygde på då automatreforma vart vedteken i 2003.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Unødvendig sutring


Gyllstrøm hos Østnorsk kompetansesenter har ikkje mykje til overs for dei ulike organisasjonane som no krev full kompensasjon for tapte inntekter som følgje av at automatane blir fjerna.

- Det er unødvendig sutring. Dette har dei visst om i fleire år, og har hatt god tid til å førebu seg. Noko måtte bli gjort med speleproblemet. Ein kan ikkje berre sitje å sjå på at problem som dette utviklar seg, når det skadar så mange i dette landet, seier Gyllstrøm.

Organisasjonane som har hatt automatinntekter skal bli sikra eit årleg inntektsnivå på til saman 933 millionar kroner fram til 2008. Idrett og kultur vil og bli sikra ei stabil overføring frå Norsk Tippings pengespel i same periode, ifølgje Kultur- og kyrkjedepartementet. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar