Meny

50-års krig for meir nynorsk i NRK

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Kringkastingsringen vart starta som ein motaksjon mot mobbinga av nynorskmedarbeidarane i NRK. Etter 50 år er Kringkastingsringen framleis ei vaktbikkje i forhold til nynorsken i media, og dett

Av Johanne Landsverk, Nynorsk Pressekontor

- Kringkastingsringen har vore ein krigar som førte kampen utetter,

Kringkastingsringen arbeider også aktivt for å få meir nynorsk i riksavisene. Her står styreleiar Unn Aarrestad (t.v.) og dagleg leiar Marit Tennø saman med avismannen ved VG-huset. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Kringkastingsringen arbeider også aktivt for å få meir nynorsk i riksavisene. Her står styreleiar Unn Aarrestad (t.v.) og dagleg leiar Marit Tennø saman med avismannen ved VG-huset. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

medan Noregs Mållag for 50 år sidan var meir oppteken av indre strid. Kringkastingsringen greidde å engasjere folk over heile landet, seier Unn Aarrestad, styreleiar i Kringkastingsringen.

Aarrestad framhever den store innsatsen til språkprofessor Magne Rommetveit, den fyrste daglege leiaren i Kringkastingsringen. Til helga skal han vere med og feire at Kringkastingsringen fyller 50.


Hatbrev til snikande bønder


Rommetveit fortel om klimaet på 1950-talet, då Riksmålsforbundet kvessa klørne og starta Foreldreaksjonen mot samnorsk.

- I starten førte Arnulf Øverland og Riksmålsforbundet ein rein kamp mot samnorsken, men eg fann fort ut at det var landsmålet han var imot. Øverland hadde tidlegare skrive mange godord om nynorsken, men seinare gjorde han heilomvending. Og riksmålsmannen Carl Keilhau skreiv at «Samnorsk er bare et annet navn på nynorsk», seier Magne Rommetveit.

- Kampen for meir nynorsk i media har aldri vore viktigare enn i dag, meiner styreleiar Unn Aarrestad (t.h.) og dagleg leiar Marit Tennø. 1. oktober feirar dei 50-års jubileum for Kringkastingsringen på Det Norske Teatret. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)- Kampen for meir nynorsk i media har aldri vore viktigare enn i dag, meiner styreleiar Unn Aarrestad (t.h.) og dagleg leiar Marit Tennø. 1. oktober feirar dei 50-års jubileum for Kringkastingsringen på Det Norske Teatret. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

Våren 1955 starta Riksmålsforbundet «Norsk Lytterforening», og mange medarbeidarar i NRK fekk hatbrev i posten.

- Denne sjikanen av nynorske medarbeidarar var hovudgrunnen til at Kringkastingsringen vart skipa. Hartvig Kiran viste meg eit brev han hadde fått, der det mellom anna stod: «Det er i det hele forbannet med slike bønder som Dem som kommer snikende inn til byen og logrer til seg de beste jobbene.» Arthur Klæbu, som då var programdirektør i NRK, ivra for at vi måtte gjere noko, fortel Rommetveit.

Noregs Mållag gjorde ingenting


I Noregs Mållag var det mykje intern krangel på den tida, og det var den konservative fløya som regjerte.

- Noregs Mållag gjorde ingenting i forhold til Riksmålsforbundet og hetsen mot nynorsken, og difor tok eg initiativet til å starte Kringkastingsringen. Skipingsmøtet var 1. desember 1955. Eg hadde særleg mykje samarbeid med Arthur Klæbo, og han visste å setje fart i folk!

Rommetveit er blitt kalla «Kringkastingsringen personleg», eit tilnamn han fekk av Halvard Bergwitz, som høyrde til den konservative fløya i Noregs Mållag.

- Kringkastingsringen sprang ut ifrå det radikale delen av målfolket. Min politikk var å skaffe så mange medlemmer som råd, så fekk folk ha det målsynet dei ville. Eg samla underskrifter, og på årsmøtet i Noregs Mållag fekk eg storparten av medlemmene til å melde seg inn.

Det var vel mest fordi lagspengane var sett til tre kroner året! Vi var også i Stortinget for å samle støtte, og 93 kjende personar skreiv under eit opprop, fortel Rommetveit.

I løpet av få år hadde Kringkastingsringen eit medlemstal på 15.000, og det var fleire medlemmer enn i Noregs Mållag.

Vanskeleg å få gehør i NRK


Magne Rommetveit var ein av stiftarane og ei stor drivkraft i Kringkastingsringen i mange år. Han fekk tilnamnet «Kringkastingsringen personleg». (Foto: Arkivfoto-Dag og Tid, NPK)Magne Rommetveit var ein av stiftarane og ei stor drivkraft i Kringkastingsringen i mange år. Han fekk tilnamnet «Kringkastingsringen personleg». (Foto: Arkivfoto-Dag og Tid, NPK)

Stortinget vedtok i 1970 eit krav om 25 prosent nynorsk i NRK, noko som let seg gjere ikkje minst fordi Trygve Bratteli fekk Arbeidarpartiet med seg på dette kravet. Seinare har Kringkastingsringen vakta på bruken av nynorsk og dialekt i radio og fjernsyn, både når det gjeld munnleg bruk og teksting på nynorsk. Aarrestad fortel at ringen i dag har årlege møte med toppleiinga i NRK og TV2.

- Det viser seg at det er vanskelegast å få gehør i NRK. Der har dei ofte vist liten vilje til å forstå at NRK er ein kanal for fleire enn dei i som bur storbyane. Særleg ille er det at NRK kuttar ut nynorsk i barneprogramma, seier ho.

- Valebrokk i TV2 har vore meir positiv, og etter eitt av møta våre melde han seg inn i Noregs Mållag.

Kamp for distriktskontora


Ei av dei viktigaste sakene til Kringkastingsringen på 1970-talet var kampen for å byggje ut NRK-distriktskontor. I dag har NRK i staden lagt ned eller slått saman fleire av distriktskontora.

- Dette er framleis ei kampsak for oss, men i dag kjempar vi for å behalde distriktskontora. Tenk at dei kunne finne på å slå saman Troms og Finnmark til eitt kontor! Men spør du NRK kor mykje ein har spart på samanslåingane, er det ingen som kan svare.

NRK er i full gang med å byggje ned distriktskontora, og difor er arbeidet i Kringkastingsringen så viktig, seier Aarrestad, og held fram med å snakke om korleis Kringkastingsringen kvart år også følgjer med på pressestøtta til avisene.

- Men kva for misjon har Kringkastingsringen i dag, i ei medieverd full av kommersielle og utanlandske kanalar?

- Det er særleg NRK og TV2 vi samarbeider med, men vi er også vaktbikkje i forhold til dei andre kanalane og vi arbeider aktivt for meir nynorsk i avisene. Med digitaliseringa får vi ei ny type kringkasting, og meir engelsk kjem inn. Ein del av krigen framover vil handle om kampen mot den engelske påverknaden, meiner Aarrestad.

I dag har Kringkastingsringen 1.300 medlemmer. Drifta er heilt avhengig av medlemspengane og gåver. I august vart Marit Tennø tilsett i halv stilling som ny dagleg leiar i Kringkastingsringen. Ho har tidlegare arbeidd eitt år i Noregs Mållag.

- Arbeidet til Kringkastingsringen er viktigare enn nokon gong, meiner dei to kvinnene i Kringkastingsringen. Den 1. oktober skal Aarrestad og Tennø feire seg sjølv med jubileumsfest og stort program på Det Norske Teatret. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar




Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus