Korleis er vasskvaliteten i norske skular?

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Elevar bør drikke mykje vatn, og vi trur vel stort sett at vasskvaliteten i norske skular er gjennomgåande bra. No er årets nasjonale forskingskampanje i skulane i gang for å finne ut nettopp d

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor

Elevar bør drikke mykje vatn av god kvalitet. (Foto: Kari Hamre, NPK)Elevar bør drikke mykje vatn av god kvalitet. (Foto: Kari Hamre, NPK)

Som eit ledd i Forskingsdagane 2005 er alle grunnskular og vidaregåande skular invitert til å vere med på eit prosjekt der elevane skal måle vasskvalitet og vassforbruk på skulane sine.

Førebels har 247 skular over heile landet meldt seg på, men fristen for påmelding er sett til 3. oktober.


Bakteriekoloniar


Elevane skal teste bakterieinnhaldet i drikkevatnet på skulen sin og får tilsendt gratis utstyr slik at dei kan gjere dette på ekte forskarvis.

Nokre dropar av vatnet som skal undersøkjast vert plassert på eit spesialfilter, eit såkalla petripapir med gromiddel for bakteriar. Det skal sidan liggje i romtemperatur i tre døgn. Etter kvart vil det vekse fram bakteriekoloniar på filteret avhengig av bakterieinnhald i vatnet.

Elevane kan samanlikne desse resultata med bakterieinnhaldet i andre typar vatn, til dømes vatn frå ein bekk i nærmiljøet, før og etter koking. Granskinga vil gi høve til å setje fokus på og diskutere den viktige rolla bakteriar har i naturen og med tanke på hygiene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Sjeldan farleg


Årets nasjonale forskingskampanje tek føre seg vasskvaliteten i norske skular. (Foto: Kari Hamre, NPK)Årets nasjonale forskingskampanje tek føre seg vasskvaliteten i norske skular. (Foto: Kari Hamre, NPK)

Det er Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Skolelaboratoriet Universitetet i Bergen, Utdanningsdirektoratet, Norsk institutt for luftforskning (NILU) og Forskingsdagane som står bak prosjektet.

Dei finn det viktig å påpeike at bakteriar som ein eventuelt finn i denne type analysar svært sjeldan er farlege. Ein skal derfor ikkje vere redd for å drikke springvatn sjølv om ein har funne mange bakteriar. Lokale vassverk gjennomfører med jamne mellomrom analysar av drikkevatnet for å sjå etter sjukdomsframkallande bakteriar.

Alle klassane som er med i dette nasjonale skuleprosjektet, gjennomfører sin vesle del av eit stort forskingsprosjekt som vil bli sluttført av Norsk institutt for vannforskning.

I fjor gjekk forskingskampanjen i skulane ut på å måle svevestøv langs skulevegane og året før vart det inneklima i norske klasserom som stod på programmet. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar