Syntetisk mat mot sjukdommar

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Om femti år kan sjukdomsgena til folk vera så godt kartlagt at det berre trengst ein førbyggjande kur mot sjukdommar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

Ut frå den genetiske bakgrunnen til den enkelte kan det bli mogleg å ta ein førebyggjande kur, og eta mat med syntetisk samansetning. Kanskje kan ei bestemt form for syntetiske potet førebyggje kreft i prostataen eller livmorhalsen.

Og dersom ein likevel skulle bli sjuk, kan det bli tilbod om ein skreddarsydd medisin som passar ut frå gena til den enkelte.

- Scenariet er realistisk, men det skal mykje forsking til før vi kan ta knekken på sjukdomsgena, seier direktør for Bioteknologisenteret ved Universitetet i Oslo, professor Kjetil Tasken til tidsskriftet Apollon.

Tek tid


- Det menneskelege genomet vart rett nok ferdig kartlagt for fire år sida, men forskarane er berre så vidt i gang med etteranalyseringa. For jobben er stor. Dei doble DNA-strengene i kroppen inneheld tre milliardar byggjesteinar kvar, og det er tusenvis variasjonar.

Enkelte skilnader gjer at vi er forskjellige, andre at vi blir sjuke, endå andre gjer ingenting.

- Først må ein kartleggja dei sjukdommane som kjem av berre ein genfeil, og deretter finne dei sjukdommane som kjem frå ein kombinasjon av fleire gen. Først om ti-femten år kan ein seia noko om ein samla risikoprofil for sjukdommar.

Då ser eg for meg at den gentiske bakgrunne for hjarta- og karsjukdommar, diabetes 2, overvekt, fedme, kronisk betennelse og påverknaden mellom genetikk og omgjevnader er kartlagt. Og når ein har forstått samanhengen mellom miljø og genetikk kan ein sjå på risikoen for sjukdommar blant det norske folket og starte førebyggjande behandling, seier Tasken.

Tasken peikar på at kunnskapen om gentiske bakgrunn også er nyttig for sjukdommar som ikkje er genavhengige.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kreft


- Kunnskapen om gen gjer det mogleg å tilpasse behandling til gjenoppbygging hos pasienten slik at ikkje gena blir skadde. Når det gjeld kreftbehandling i dag seier han at den største medisinske utfordringa er å skilje mellom sjukt og friskt vev for ikkje å skade vevet med cellegift eller strålebehandling.

- Først om ti-tjue år har genteknologien kome så langt at ein kan bli lækt for ulike krefttypar utan biverknader, seier Tasken. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar