Hytteboom mot nye høgder
Veksten i byggjebransjen held fram. Bygginga av både hytte og bustad er venta å halde seg høg i år, vidare ut i neste år og i 2007.
- Særleg utkantkommunar har vore ivrige på å leggje ut nye hyttetomter. Det er fordi dei har sett at det kan auke sysselsetjinga, betre økonomien, hindre fråflytting og generelt auke aktiviteten i kommunen, seier Kjell Senneset, sjefsøkonom hos Prognosesenteret til Nynorsk Pressekontor.
Samtidig ser eigedomsutviklarar at dette er ein bransje i vekst, og satsar stort på nye hytteprosjekt. Saman bidreg dette til at hyttemarknaden får ein sterkt vekst.
- Ein må sjå utviklinga i hyttemarknaden i samanheng med veksten elles i bygg- og eigedomsmarknaden. Veksten her gjer at mange har høve til å finansiere ei hytte, til dømes gjennom å låne litt ekstra på huset, seier sjefsøkonomen.
Overkøyrd av investorar
Tor Midtun i Norges Naturvernforbund meiner skadeverknadene av eit hyttefelt ofte blir vurdert for dårleg på førehand.
- Det vi ser er at mange fattige kommunar, særleg i fjellstrøka, føler seg overkøyrd av pengesterke investorar. Desse investorane tilbyr raske inntekter det kan vere vanskeleg å seie nei til for ein økonomisk pressa kommune, seier Midtun.
Han presiserer at Naturvernforbundet ikkje er imot hyttebygging generelt, men tek til orde for å bremse litt ned og skape ein meir heilskapleg kommunal og fylkesmessig planlegging.
- Hyttebyane som blir bygd no i mange kommunar, krev full infrastruktur med veg, vatn og kloakk. Dei legg opp til eit mektig forbruk av energi, noko som i seg sjølv er tvilsamt, meiner Midtun.
- Kommunane har eit nasjonalt ansvar for å ta vare på naturen dei har. Dårleg planlagt hytteutbygging kan øydeleggje område som kan vere verdifulle i turistsamanheng, samtidig som det kan virke inn på trekkvegar og mattilgang for til dømes villreinen, legg Tor Midtun til. (NPK)
Fleire nynorsk-artiklar:
Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar