SFO dyrare enn barnehagen

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Frå nyttår kan det bli dyrare å ha ein sjuåring på skulefritidsordninga SFO i 17 timar i veka enn ein eittåring i 45 timar i barnehage.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er veldig merkeleg og urimeleg, meiner ordførar Rita Ottervik (A) i Trondheim.

Dersom dei raudgrøne held valløfta sine kan barnehagane få senka maksprisane frå 2.750 til 1.750 kroner frå nyttår. I Trondheim kostar ein SFO-plass 1.980 kroner.

- Det er urimeleg å betala meir for eit tilbod i SFO som er av kortare tid og av dårlegare kvalitet enn eit barnehagetilbod. Dette må vi ta tak i, seier Ottervik til Adresseavisen.

I dei fleste kommunane har barnehageprisane gått jamt nedover sidan 2002, medan SFO-prisane har gått opp.

Nestleiar i SV, Øystein Djupedal, har i valkampen teke til orde for å innføre makspris i SFO, men dette står ikkje øvst på dagsroden når Ap, SV og Sp startar forhandlingane om ei raudgrøn plattform, skriv Kommunal Rapport.

- Kommunane bestemmer prisen i SFO og vi ønskjer at kommunane i første omgang skal handtere dette sjølve. Vi har sagt at vi ønskjer å gje kommunane betre økonomi, men dersom det viser seg at dei stor prisskilnadene held fram, er dette noko vi må vurdere, seier Djupedal, som synest at 2000 kroner månaden i SFO er altfor mykje.
- Men i dei fleste kommunane er det billegare, seier Djupedal. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar