Kvinner brukar mest antidepressiva

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Forbruket av antidepressiva er størst blant eldre, særleg eldre kvinner. Men det er også mange unge kvinner som får slike middel, viser dei første resultata frå det nystarta Reseptregisteret ve

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Nynorsk Pressekontor, NPK

Kvinner står for to tredelar av bruken av antidepressiva. I aldersgruppa 20-29 år brukte 4,4 prosent eit antidepressiva i denne undersøkinga. Bruken var aukande med alderen, til 13,3 prosent i aldersgruppa 60-69 år.


6.000 under 20 år


Over to prosent av jentene i alderen 15-19 år hadde fått skrive ut antidepressiva eller såkalla lykkepiller, sjølv om det i Noreg er åtvara mot bruk av slike piller til barn og unge.

I aldersgruppa under 20 år var det vel 6.000 personar som fekk minst ein resept på antidepressiva i 2004. Den årlege auken i salet av antidepressiva har vore på over 5 prosent i alle år etter at lykkepillene kom på marknaden.

Forskar og spesialist i psykiatri ved Folkehelseinstituttet, Jørgen G. Bramness, peikar på at det har vore mykje diskusjon omkring slike preparat i Noreg. Mange har peika på at dei ikkje har vore så frie for biverknader som det vart hevda då dei var introdusert i 1990. Enkelte har tilmed hevda at dei kan ha vore årsak til sjølvmord eller forsøk på sjølvmord.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Meir nyansert


- Fram til no har vi hatt lite kunnskap om kven som får skrive ut antidepressiva i Noreg, og kva preparat som blir mest brukt. Før SSRI-preparata vart introdusert i 1990 var det nok eit underforbruk av antidepressiva.

No er synet meir nyansert. Enkelte meiner vi brukar for lite, andre at det ligg på eit riktig nivå, medan nokon er heilt overtydde om at det blir brukt for mykje, seier Bramness, som meiner at tala i undersøkinga kan gje grunnlag for ein meir opplyst debatt. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar