Klimatiltak for landbruket

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Utan tiltak vil dei norske klimautsleppa auke kraftig mot 2020. Desse utsleppa kan likevel minkast monaleg, mellom anna gjennom ulike tiltak innan landbruket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, NPK

- Landbruket har på mange måtar vore ein gløymd del av den norske klimaproblematikken. Det har vore ein sektor vi ikkje har hatt så sterkt fokus på fram til no, seier klimarådgjevar Audun Rosland i Statens forureiningstilsyn (SFT) til Nynorsk Pressekontor.

Menneskeskapte klimaendringringar er det største miljøproblemet vi står ovenfor. Klimarådgjevar Audun Rosland frå SFT la fram moglege tiltak for å redusere dei norske utsleppa. (Foto: Anders Malm, NPK)Menneskeskapte klimaendringringar er det største miljøproblemet vi står ovenfor. Klimarådgjevar Audun Rosland frå SFT la fram moglege tiltak for å redusere dei norske utsleppa. (Foto: Anders Malm, NPK)

Fredag la SFT fram ein analyse av ulike tiltak som kan redusere utsleppa av klimagassar i Noreg fram mot 2020. Av rapporten går det fram at det norske landbruket står for om lag 10 prosent av klimautsleppa her i landet. SFT har kome fram til fleire ulike måtar å minke luftforureininga frå jordbruket:
Senking av nitrogeninnhaldet i fôr.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Redusert nitrogengjødsling av jordbruksareal.


Biogassproduksjon ved nedbryting av gjødsel og våtorganisk avfall.
Viss desse tiltaka blir gjennomførde vil det gje ein reduksjon på vel 300.000 tonn CO₂-ekvivalentar i 2010, og rundt 660.000 tonn CO₂-ekvivalentar i 2020. CO₂-ekvivalentar vil seie klimagassar rekna om til CO₂.

-Det rimlegaste alternativet er å redusere bruken av nitrogenhaldig gjødsel på åkrane, fortel Audun Rosland.

Følsam for gasskraft
Men det er ikkje berre landbruket som må innføre klimatiltak, dersom Noreg skal redusere utsleppa. Utslepp frå olje- og gassverksemd er venta å vekse kraftig dei neste åra. Vegtrafikken er også venta å auke monaleg fram mot 2020, noko som gjer at utsleppa herfrå vil stå for ein stor del av klimaforureininga.

Veksten i utslepp dei neste 15 åra er også påverka av om det blir bygd gasskraftverk utan CO₂-handtering, mellom anna på Kårstø i Rogaland.
Utan nye tiltak og verkemiddel vil dei norske utsleppa liggje 11 millionar CO₂-ekvivalentar over 1990 nivå om fem år. Medan dei i 2020 vil liggje nær 19 millionar over 1990-nivå.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kan snu utviklinga


Direktør Håvard Holm i Statens forureiningstilsyn. (Foto: Anders Malm, NPK)Direktør Håvard Holm i Statens forureiningstilsyn. (Foto: Anders Malm, NPK)

Menneskeskapte klimaendringar blir framstilt som det mest alvorlege klimaproblemet verda står ovafor. Ifølgje den tredje hovudrapporten frå klimapanelet til FN (IPCC), er det venta at den globale middeltemperaturen aukar med mellom 1,4 og 5,8 grader celsius dei neste 100 åra.

For å dempe temperaturstigninga på kloden til 2 grader celsius, konkluderer IPCC med at dei globale utsleppa må bli minka med 50 til 80 prosent dei neste 50 åra. Noko som kan bli ein stor utfordring. Noreg slit allereie med å oppfylle krava frå Kyoto-avtalen, som inneber at utslepp frå Noreg ikkje kan auke med meir enn ein prosent i perioden 2008-2012.

Sjølv om vi stabiliserer utsleppa av klimagassar i dag, vil det ta lang tid før tiltaka vil ha nokon verknad. Den viktigaste konklusjonen frå SFTs rapport er likevel at det er mogleg å redusere dei norske klimautsleppa, men tiltak må kome i gang raskt.

- Det er teknisk mogleg å snu den negative utviklinga, men då må vi bruke sterkare verkemiddel enn vi er vant med. I denne rapporten har SFT fremja ei rekkje forslag til tiltak, og så må politikarane bestemme kva som skal bli sett i verk, seier direktør i SFT, Håvard Holm. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar