Skuleelevar førebur vårleg fargeprakt

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Femteklassingar kring i landet får tilsendt kasser med blomsterløkar som kan setja farge på skulemiljøet til våren.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


– Vi ønskjer å lære barna kor fantastisk ein blomsterlauk faktisk er, seier Tonje Bergh i Opplysningskontoret for blomster og planter. (Foto: Opplysningskontoret for blomster og planter).– Vi ønskjer å lære barna kor fantastisk ein blomsterlauk faktisk er, seier Tonje Bergh i Opplysningskontoret for blomster og planter. (Foto: Opplysningskontoret for blomster og planter).

Det er Opplysningskontoret for blomster og planter (OBP) som har spandert løkar på 600 elevgrupper. Elevane får kasser med 50 tulipanar, 25 krokus og 25 påskeliljer som dei sjølve skal plante ut på ein litt annleis skuledag.

- Med dette landsomfattande prosjektet ønskjer vi å lære barna om kor fantastisk blomsterløkane faktiske er. Alt ligg klart i løken. Lengst inne finst anlegget til blomen. Der er det klarlagt kva farge, form, høgd og blomstringstid løken kjem til å få i løpet av våren, seier informasjonsansvarleg Tone Bergh i OBP.

Opplsyningskontoret har delt ut løkplanter til skuleelevar gjennom fleire år. Bergh fortel at enkelte elevar plantar løken i skuleområdet, andre pyntar opp med løkplantene på ein aldersheim eller i ein park i nærområdet.

- Intensjonen er at barna skal oppleve blomsterløkprosjektet som lærerikt, spennande og som eit godt minne, seier Bergh.
(NPK - Inger Robøle Kristiansen)