Meny

9.900 barn var nye i barnevernet i fjor

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I alt 37.650 barn og unge fekk hjelp av barnevernet i 2004.

Dette er 1.650 fleire enn året før. 9.900 barn var nye i barnevernet i fjor, går det fram av fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Dei aller fleste, eller 30.750 barn var berre på hjelpetiltak som besøksheim, økonomisk hjelp, barnehage eller støttekontakt. For nær 6.900 barn og unge hadde det offentlege teke over omsorga etter vedtak i fylkesnemnda.

Av barn under omsorg i barnevernet var åtte av ti plasserte i fosterheim.
Resten hadde enten plass i ein institusjon eller hadde andre omsorgstiltak utanfor heimen, går det fram av tala frå SSB.

Det er framleis noko fleire gutar enn jenter i barnevernstiltak, vel 20.400 gutar mot nær 17.200 jenter tok imot tiltak i 2004. Ser ein dette i høve til folketalet var det i løpet av året 33 gutar mot 29 jenter med tiltak per 1.000 barn i aldersgruppa 0-17 år. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar





Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus