Heng ut verstingar i norsk språkpolitikk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nynorsk kultursentrum har fått nok. No går dei ut og offentleggjer ti leiarar i statsforvaltinga som dei meiner er verstingane i norsk språkpolitikk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum namngjev ti verstingar i norsk språkpolitikk, i samband med utgjevinga av Nynorsk Faktabok 2005. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum namngjev ti verstingar i norsk språkpolitikk, i samband med utgjevinga av Nynorsk Faktabok 2005. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)

Statsforvaltinga gjer ikkje som Stortinget har bestemt om bruk av nynorsk på internett, slår Nynorsk kultursentrum fast. Institusjonen har oppmoda Språkrådet til å undersøkje målbruken på 173 statlege nettstader.

Og konklusjonen er deprimerande lesing for nynorskfolket: Berre 12 av dei 173 statlege internettsidene oppfyller kravet om minst 25 prosent nynorsk. Då står det att 161 som ikkje oppfyller krava. Dette går fram av Nynorsk Faktabok 2005, som vart presentert i Oslo, måndag.


Leiarane sitt ansvar


- Det er eit stort demokratisk problem at statsforvaltinga ikkje gjer som Stortinget seier, slår direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum fast.
Grepstad meiner det er ein skandale at norsk statsforvalting svir av eit titals millionar på nettstadene sine, utan at det får konsekvensar når dei overser språklege krav som Stortinget har sett.

- Dette er leiarane sitt ansvar, og den nye regjeringa har ei formidabel oppgåve med å få 161 toppleiarar i statlege forvaltingsorgan til å gjere som dei folkevalde seier, seier Grepstad.

Over tid er det berre fire departement som oppfyller dei krava som gjeld for målbruk i offentleg teneste. I alt er tre av ti statlege nettstader mest utan nynorsk. Internett er sett på som eit viktig område for nynorsken, og eit samla nynorskmiljø har i fleire år sagt at eit allment nynorsk leksikon på internett er det viktigaste nye tiltaket for nynorskbrukarane.
- Vi får sjå når statsbudsjettet for 2006 føreligg, seier Grepstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei ti verstingane


Grepstad legg ansvaret for den låge nynorskprosenten direkte i fanget på leiarane for dei offentlege organa, og namngjev ti «verstingar». Dette er leiarar for offentleg forvalting som har under ein prosent nynorsk på nettstadene sine. På lista står både forsvarssjefen, arbeidsdirektøren, sjefen for Nye Kripos og barneombodet.

Nettstader som Aetat.no, Forsvarsnett (mil.no), Samordna opptak, Mattilsynet, NSB, Nasjonalmuseet for kunst og Høgskolen i Oslo er døme på organ som ikkje har tinga sine på stell, ifølgje teljinga til Språkrådet.


For svakt


Av 1.058 artiklar som er publisert på Mattilsynet.no, er 28 artiklar på nynorsk. Dette går fram av tilsynets eigne tal. Hilde Hamnes i Mattilsynet innrømmer at nynorskbruken i tilsynet er for dårleg.

- Vi har ikkje noko problem med å innrømme at dette er for svakt, og Mattilsynet legg seg flat for kritikken, seier kommunikasjonsdirektør Hamnes.
Som forklaring viser Hamnes til at tilsynet har vore inne i ein lang periode med omstilling, kor fleire offentlege organ har blitt samla under paraplyen Mattilsynet.

- I denne prosessen har nynorskprosenten ikkje vore nok i fokus, og det beklagar vi. Nyleg gjorde vi ei rekkje tiltak på språkområdet, og reknar med å nå målet med 25 prosent nynorsk i løpet av neste år, fortel Hamnes.
Mellom anna har tilsynet gått ut med interne oppfordringar til å bruke nynorsk. Hamnes viser og til at Matportalen, som er Mattilsynets forbrukarretta nettside, no er oppe i 15 prosent nynorsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Liker det ikkje


Rektor på Høgskolen i Oslo, Per Lilleengen, er klar over den låge nynorskprosenten på hio.no.

- Dette er ei liste vi på ingen måtar liker å hamne på. Eg har kontakta dei ulike einingane på høgskulen som har eigne heimesider, for å få ein konkret plan for å auke målbruken på nettsidene, fortel Lilleengen, som kan garantere at nynorskprosenten skal kraftig opp i løpet av året.

Dagleg leiar for Samordna opptak, Olaf Svorstøl, har eit mål om å lage ein knapp på nettstaden som gjer at ein kan velje mellom nynorsk og bokmål, men veit ikkje om det let seg gjere teknisk.

- Om det ikkje let seg gjere, så får vi finne ei ordning så vi kan leggje ut fleire dokument på nynorsk, seier Svorstøl, som peikar på at Søkjarhandboka 2005 hadde over 25 prosent nynorsk.

Arbeidstilsynet Aetat ønskja ikkje å svare for låg nynorskprosent på nettstaden Aetat.no. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar