Storbyane trugar med å splitte KS

Artikkelen fortsetter under annonsen

Storbykommunane ønskjer meir makt over Kommunenes Sentralforbund (KS). Viss dei ikkje får det slik dei vil, kan organisasjonen bli splitta.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Nynorsk Pressekontor, NPK

Det er kommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Bærum, Kristiansand og Tromsø som no krev at det blir oppretta eit storbynettverk innan KS. Dette nettverket skal gje innspel til planleggings- og strategiarbeidet i KS og gje råd om tarifforhandlingar og arbeidet med den årlege kommuneproposisjonen og statsbudsjettet.

Det har i lengre tid herska misnøye blant dei store kommunane og korleis KS arbeider, melder bladet Kommunal Rapport. Sist veke møtte storbykommunane KS-leiar Halvdan Skard og adm.dir. Olav Ulleren for å diskutere saka.

KS organiserer landets kommunar som arbeidsgivarar, har 230 tilsette og eit samla budsjett på 231 millionar kroner. Av dette utgjer 180 millionar den kontingenten som kommunar og fylkeskommunar betalar etter innbyggjartal.


Fryktar splitting


Seks av 10 rådmenn og ordførarar fryktar at KS kan bli splitta mellom store og små kommunar. Dette viser ei fersk undersøking som «Ukebrevet Mandag morgen» har i gjort i samarbeid med KS.

Det kjem til uttrykk misnøye med KS' handtering av lønsoppgjeret dei siste åra. Fleirtalet meiner at oppgjera har vorte for dyre og at det er vanskeleg å rekruttere nok personell til omsorgsoppgåvene i åra som kjem.

Initiativet frå Storbynettverket om å få auka makt og innverknad i KS på kostnad av småkommunane skal behandlast på det neste sentralstyremøtet i KS. Dersom KS ikkje går med på dette vil dei store bykommunane seriøst vurdere om dei har nytte av å vere med i KS i framtida, skriv «Ukebrevet Mandag morgen».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Gammal konflikt


KS-leiar Halvdan Skard er likevel ikkje spesielt skremd av initiativet frå storbyane.

- KS er ein politisk organisasjon som fangar opp ulike behov og prøver å vere konfliktløysar. Spørsmålet om ulike interesser er like gammalt som organisasjonen sjølv, seier han ifølgje Kommunal Rapport.

Han er likevel samd i at storbyane har spesielle behov og går inn for avtalen om større medråderett. Det skal også setjast ned eit utval som skal sjå nærare på oppgåver og organisering. Utvalet skal levere arbeidet sitt innan utgangen av 2006. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar