Klimaendringar kan gje rabies i Noreg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mildare klima kan føre til at det kjem fleire flaggermusartar til Noreg og dermed auke faren for spreiing av rabiessmitte, åtvarar Direktoratet for naturforvalting (DN). Men ei klimaendring kan gje la

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Høgare temperatur som følgje av klimaendringar kan føre fleire flaggermusartar til Noreg. På biletet: Langøyreflaggermus. (Foto: Halvard Elven, NPK, NPK)Høgare temperatur som følgje av klimaendringar kan føre fleire flaggermusartar til Noreg. På biletet: Langøyreflaggermus. (Foto: Halvard Elven, NPK, NPK)

Sverige har no etablert rabiesovervaking av flaggermus.Ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) viser nemleg at høgare temperaturar som følgje av klimaendringar, sannsynlegvis vil gje fleire flaggermusartar i nord.

Eit varmare klima vil truleg føre til at vi vil få nye artar også i Noreg, melder DN.

Rabies hos flaggermus er utbreidd i store delar av verda, inkludert Europa. I Noreg har vi til no ikkje registrert rabies hos nokon av dei 11 flaggermusartane vi har her i landet, men det er ikkje gjort spesifikke undersøkingar på dette. 13 av dei 34 flaggermusartane i Europa har vore eksponert for rabiesvirus.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Overvakar rabies


Forskarane peiker på at faren for spreiing av rabies frå flaggermus er til stades, men ikkje stor. Fordi kontakt mellom menneske og flaggermus, og mellom flaggermus og andre dyr, er svært sjeldsynt.

Sverige har no etablert rabiesovervaking av flaggermus. Direktoratet for naturforvaltning vurderer no å starte tilsvarande gransking her i landet.

Biolog Ingar Båtvik ved Universitet i Oslo slår fast at inntoget av nye flaggermusartar her i landet berre er ein liten detalj i den store samanhengen. Han er langt meir bekymra for andre aspekt knytt til endringa i klima i her nord.

- Det er liten grunn til å lage noko stort nummer av den auka faren for rabies. Vi har rabiessmitte hos revar på Svalbard frå tid til annan, som kjem over isen frå aust. Det dreier seg om få dyr som ikkje er spesielt livskraftige, og dei utgjer ingen stor trussel.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Menneskeskapt


Biolog Ingar Båtvik ved UIO meiner klimaendringar kan gje langt meir alvorlege konsekvensar enn auka fare for rabiessmitte. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)Biolog Ingar Båtvik ved UIO meiner klimaendringar kan gje langt meir alvorlege konsekvensar enn auka fare for rabiessmitte. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)

Båtvik er meir uroa over kva for globale konsekvensar den auka drivhuseffekten kan ha. Høgare temperatur gjer at innlandsisen smeltar, noko som førar til at havnivået stig. Det kan gje alvorlege konsekvensar for landområde som ligg lågt over havet, som i Nederland og Bangladesh.

Eit høgare havnivå og auka temperatur kan og endra banen til Golfstraumen, som vi er så avhengige av her nord. I Noreg ser ein allereie konsekvensar av ein temperaturauke. Tregrensa kryp stadig høgare opp i fjellet, noko som kan føre til at plantar som trivst høgt til fjells blir utkonkurrert av plantar som er glad i høgare temperatur.

Biologen påpeikar at vi har hatt klimaendringar i fleire gonger opp gjennom jordas historie. Det nye no er at dei ikkje er naturlege. Noko som og er slått fast av klimapanelet til FN.

- Det er eit uomtvisteleg faktum at dei endringane vi ser i klimaet no er menneskeskapte, seier Båtvik.

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar