Klart for den nynorske årstalen

Komande veke er det hovudstaden som blir Nynorsk kultursentrum. Direktør Ottar Grepstad dreg sjølv frå Hovdebygda i Ørsta til Oslo for halde årstalen for nynorsk skriftkultur, og for å presentere Nyno

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Av Nynorsk Pressekontor, NPK

- Det blir kvart år halde nokre få årstalar her i landet der ein gjer opp status på eit område og drøftar aktuelle emne. Årstalen om nynorsk skriftkultur, som i år har tittelen Prinsippet nynorsk, er den einaste i sitt slag innanfor norsk kulturliv, seier talaren sjølv, Ottar Grepstad.

- I dei tidlegare talane har eg lagt fram heilt nytt og ukjent materiale om viktige spørsmål som har med kulturpolitikk generelt og norsk språkpolitikk spesielt å gjere, fortel han.

Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursentrum kjem til Oslo for halde årstalen for nynorsk skriftkultur tysdag 20. september. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursentrum kjem til Oslo for halde årstalen for nynorsk skriftkultur tysdag 20. september. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

Arrangementet er ope for alle og skal vere i Gamle Logen i Oslo tysdag 20. september.

Dagen før, måndag den 19. september presenterer Nynorsk kultursentrum Nynorsk faktabok 2005, den mest omfattande statistiske dokumentasjonen av norsk skriftkultur som nokon gong har vore laga. Boka inneheld mykje ny informasjon om utviklinga av og tilhøva for norsk skriftkultur, og blir lagt fram på ein pressekonferanse i Det Norske Teatret.

Elles skjer det litt av kvart lokalt på Aasen-senteret utover hausten. Nynorsk kultursentrum er ein nasjonal kulturinstitusjon, men gir samtidig også eit svært godt kulturtilbod til lokalmiljøet i Volda og Ørsta.

Arrangementa er mange og famnar alt frå kulturpolitikk via familiedag, nordnorsk visesong, humorprega boknatt og salmekveld til joik og dikt.

- Vi ønskjer også å setje kulturpolitikken til det nye Stortinget på kartet, og har invitert alle partia til den første store kulturdebatten etter valet, seier programansvarleg ved Nynorsk Kultursentrum, Christel Siem.
Dette skjer i Ivar Aasen-tunet torsdag 3. november. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar


Personvernpolicy