No startar søkjekrigen på internett

Artikkelen fortsetter under annonsen

Konkurransen på den norske søkjemarknaden hardnar til. Minst fire nye, norske søkjemotorar lanserast i haust.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Kampen om dei norske nettbrukarane blir stadig hardare. Espen Udland og ABC Startsiden lanserer sin nye søkjemotor på onsdag, og satsar på å gje brukarane kvalitetssikra informasjon. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)Kampen om dei norske nettbrukarane blir stadig hardare. Espen Udland og ABC Startsiden lanserer sin nye søkjemotor på onsdag, og satsar på å gje brukarane kvalitetssikra informasjon. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)

Alle skal dei ta opp kampen med dei store, internasjonale søkjetenestene. Og sjølvsagt kvarandre. Først ut er ABC Startsiden, med si søkjeteneste.

- Dei søkjemotorane vi kjenner frå før gjev frykteleg mange treff. Vår idé er å gje brukaren det han er ute etter: eit kjapt, kvalitetssikra og familievennleg søkjereiskap for internett.

Vi er ikkje ute etter å gje deg det største søkjeresultatet, vi vil gje deg det du er ute etter, seier ansvarleg utgjevar i ABC Startsiden, Espen Udland.


Sensur?


For å sikre at søkjeresultatet berre visar nettsider som er barnevennlege og av god kvalitet, har Udlands 14 journalistar gått gjennom alle dei 70.000 norske nettstadene i søkjekatalogen til Startsiden, og kvalitetssikra dei.

Om ein er ute etter porno, eller nettsidene til rasistiske organisasjonar, er ikkje søkjemotoren til Startsiden å anbefale.

- Du er ikkje redd for å bli skulda for å drive sensur, Udland?
- Dette er jo ein mild form for sensur, ved at vi berre ønskjer å gje brukaren tettpakka kvalitet. Søkjemotoren skal vere familievennleg, og berre vise lenker til nettsider med stovereint innhald, forklarar Udland.

Alle dei 24 millionar nettsidene det blir søkt i, er kvalitetskontrollert av Startsidas 14 journalistar. Dei beste sidene kjem opp først. Udland avviser at det går an å kjøpe seg ein plass høgt oppe på «kvalitetslista».
- Dei pengane er ikkje vi interessert i, slår han fast.

Innan utgangen av oktober skal søkjetenesta kome med eit nynorskfilter, slik at ein kan velje kva for målform ein ønskjer å bruke. Søkjetreffa skal omfatte begge målformane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stor fallhøgd


Den internasjonale søkjegiganten Google lanserte ein norsk versjon i slutten av mai i år. Og Yahoo, som hevdar dei har oversikt over dobbelt så mange nettsider som Google, er og tungt inne i den norske marknaden.

Denne hausten skal dei fire norske selskapa ABC Startsiden, Schibsted, Findexa og Eniro/Sol skal alle utfordre dei populære søkjemotorane.
Søkjeeekspert Roar Eriksen i Online Services meiner dei nye søkjeplassane har store utfordringar. Han peikar på at nettbrukarane er kresne og veldig illojale.

- Derfor er fallhøgda stor når du lanserer. Gjev ikkje søkjemotoren god relevans første dag, hoppar brukaren til eitt av mange andre alternativ, og det er vanskeleg å få dei tilbake. Berre sjå på AltaVista, dei var først, men mista grepet fort, seier Eriksen til digi.no. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk