Reknar med milliardløft for kommunane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jobb nummer ein for den nye raudgrøne regjeringa må bli å rette opp ubalansen i kommuneøkonomien, seier leiaren i Kommunenes Sentralforbund, Halvdan Skard, til Kommunal Rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):
Skard minner om at dei tre partia i valkampen har lova å ruste opp skule og eldreomsorg, og forplikta seg til å satse på det lokale velferdstilbodet.

AP-veteran har stor tru på at koalisjonen av Ap, SV og Sp kjem til å følgje opp dette, og viser til at Senterpartiet har varsla ein auke på 5,7 milliardar kroner til kommunane i budsjettet for 2006.

- Det er slike beløp som må til for å rette opp ubalansen i kommunane. På toppen av det er behovet for styrking av skule og eldreomsorg. Regjeringa står overfor store utfordringar, seier Skard til Kommunal Rapport. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk