Delt syn på regionalisering
Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor
Det viser ei undersøking gjort for regionrådet, midt i den fire år lange prøveperioden for det såkalla BTV-samarbeidet. Ordførar i Vinje kommune i Vest-Telemark, Arne Vinje, meiner problema botnar i at det er ein svært kløyvd region.
- Utviklinga av samarbeidet innanfor nærings- og samferdselspolitikk var to av dei viktigaste målsetjingane i dette prosjektet. Denne regionen er svært kløyvd, både demografisk- og næringsmessig.
Som representant for Vinje kommune er eg vonbroten over den manglande forståinga for at vår del av regionen har heilt andre utfordringar og problem enn dei folkerike, industrialiserte delane ned mot kysten, forklarar Vinje til Nynorsk Pressekontor.
Vil betre situasjonen
- Korleis kan samarbeidet bli betra?
- Det er eit interessant tema som skal vi skal debattere førstkommande torsdag i Kongsberg, fortel Vinje.
- Har du gode tips til andre distrikt som vurderer å danne ein region?
- Det må vere at regionrådet i regionen tek seg betre tid til å oppsøkje dei ulike delane, slik at alle får forklare sine eigne forventningar, behov og interesser i forhold til eit samarbeid.
Om det regionale samarbeidet ikkje har nokon legitimitet, så har det inga framtid, meiner Vinje.
Ordføraren påpeikar at det framleis er to år att av prøveprosjektet mellom Buskerud, Telemark og Vestfold, og at dei vil prøve å betre situasjonen. Fleire ordførarar meiner at demokratiet er svekt i regionen.
Let seg ikkje skremme
Professor Tor Selstad ved NTNU presenterte i fjor sine forslag til inndeling av regionar i Noreg på oppdrag for Kommunenes Sentralforbund.
Hovudforslaget hans gjekk på at sju sterke sjølvstyreregionar skal erstatte fylkeskommunane vi har i dag. Ein av dei var BTV-regionen, ein annan var ein region for fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, og regionane på Sunnmøre.
Vestlandsrådet, som omfattar dei fire fylkeskommunene Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er framleis positive til å opprette ein region, og let seg ikkje skremme av erfaringane frå Buskerud, Telemark og Vestfold.
- Vestlandsrådet har ein rapport ute på høyring no, som vi skal ta stilling til i slutten av året. Den har to alternativ: enten å styrke samarbeidet mellom fylka i rådet, eller å opprette ein eigen Vestlandsregion, fortel leiar i Vestlandsrådet, Nils R. Sandal til Nynorsk Pressekontor.
Sandal tykkjar innspela frå BTV-regionen er interessante, og viser til at enkelte område i hans eigen region og er sårbare, med til dømes spreidd busetjing. Samtidig peikar han på at samarbeidet mellom fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal allereie er godt i gang, og kan vise til resultat i form av ein milliard i løyvingar til E39 i nasjonal transportplan.
- Det hadde ikkje gått utan eit sterkt samarbeid i mellom fylka, meiner Sandal. (NPK)