Vi blir stadig eldre og friskare

Levealderen i Noreg er blant dei høgaste i verda, og den aukar stadig. Levealderen for menn var 71 år i 1970 og 25 år seinare hadde han auka til 77 år. Kvinner har auka levealderen frå 77 til 82 år i

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Av Nynorsk Pressekontor, NPK

Dette går fram av Statistisk sentralbyrås ferske tal for helsetilstanden her i landet. Grunnen til at levealderen aukar heng først og fremst saman med at stadig færre døyr på grunn av hjarte- og karsjukdommar. Færre dødsfall blant spedbarn bidreg også til den gunstige utviklinga.


Halvparten sjuke


Over halvparten av alle vaksne har ein sjukdom eller ei skade. Trass i sjukdom, skavankar og funksjonsproblem seier 8 av 10 av dei har ei god helse.

Sidan midten av 1980-talet er det færre eldre som har funksjonsvanskar, og helsa blant eldre menn har betra seg.

Ein del sjukdommar aukar i omfang og utbreiing. Dette gjeld i hovudsak muskel- og skjelettlidingar, nokre typar kreft og psykisk betinga plager, særleg blant unge. Dei nemnde lidingane er blant hovudårsakene til sjukefråvær blant arbeidstakarar og uføretrygding.


Sjukehusopphald


Talet på sjukehusopphald har auka på nittitalet og fram til i dag. Eldre står for nær ein tredel av alle innleggingar ved norske sjukehus.

Det er kvinner som har flest opphald på sjukehus. Men dersom ein justerer tala ved å trekkje frå alle innleggingar som har med svangerskap og fødsel å gjere, så er menn større brukarar av sjukehustenester enn kvinner.

I tillegg til svangerskap, fødsel og barseltid er hjarte- og karsjukdom, svulstar og skader dei vanlegaste årsakene til at folk blir lagt inn på sjukehus, går det fram av tala frå SSB.


3 av 10 med helseproblem


Tre av 10 nordmenn seier sjølve at dei har helseproblem som påverkar kvardagen på ein eller annan måte. 1 av 4 sjukdom i musklar eller skjelettet. 10- 15 prosent har psykiske problem. 1 av 8 har liggje på sjukehus det siste året. 1 av 10 i yrkesaktiv alder er uføretrygda.

26 prosent av alle i alderen 16-74 år røykjer dagleg. 2 av 5 døyr av hjarte- og karsjukdom. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy