Vil heve kompetansen om fattige barnefamiliar

Regjeringa vil bruke 8,3 millionar kroner på å byggje opp kompetansen blant tilsette i sosialtenesta om fattigdom i barnefamiliar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK):

(Foto:www.nagc.org)(Foto:www.nagc.org)

Målet er å stimulere fram betre kompetanse på førebyggjande arbeid overfor foreldre og barn, og utvikle samarbeidsmodellar med sikte på betre samordning av tiltak.

Sosial- og helsedirektoratet inviterer i desse dagar sosialtenesta i 43 utvalde kommunar til å inngå eit forpliktande samarbeid med barnevernstenesta om utvikling av tiltak og samarbeid lokalt. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk



Personvernpolicy