Åtte av ti kvinner sender tekstmelding

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Den typiske SMS-brukaren er ei kvinne med lang utdanning og jobb i sosial- og helsesektoren. Det stemmer dårleg med myten om at SMS er eit ungdomsfenomen, seier kommunikasjonsdirektør Torild Lid Uri

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor

Den typiske SMS-brukaren er ei kvinne med lang utdanning. (Foto: Arne Sigurd Haugen, NPK)Den typiske SMS-brukaren er ei kvinne med lang utdanning. (Foto: Arne Sigurd Haugen, NPK)

Marknadsanalyseinstituttet In-Fact har gjort ei gransking om SMS-bruken blant nordmenn, på oppdrag frå Findexa.


Fleire kvinner enn menn


Så mange som 83 prosent av kvinnene brukar SMS, det vil seie tekstmelding via mobiltelefonen, medan 72 prosent av mennene gjer det. Det er særleg dei med høgare utdanning som brukar SMS, og jo høgare, jo meir bruk.

Meir enn ni av ti innan helse- og sosialsektoren brukar SMS. Talet er nesten like høgt for ingeniørar. 60 prosent av dei arbeidslause brukar tekstmelding og er dermed den samfunnsgruppa som i minst grad brukar dette kommunikasjonsmidlet.

Dess eldre vi blir, dess mindre brukar vi SMS. Likevel sender 43 prosent av dei over 60 år tekstmeldingar.

Nummersøk


- 60 prosent av befolkninga brukar SMS til nummeropplysninga. Det er særleg dei med universitets- og høgskuleutdanning som vurderer slike søk som nyttige, og kvinner i sterkare grad enn menn.

Nummersøk på SMS er ein av SMS-tenestene som er i størst vekst. Berre frå vårparten til sommarmånadane auka nummersøk på 1880 med 36 prosent, seier Lid Uribarri i Findexa, som er utgjevar av ulike telefonkatalogar. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk