Tverrpolitisk velvilje for nynorsken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er eit klart fleirtal blant dei politiske partia for mange av dei viktigaste målpolitiske sakene. Og dei som går inn for å svekkje sidemålsundervisninga og mållova er i klart mindretal. SV og Sp e

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Arne S. Haugen, Nynorsk Pressekontor

- Heldigvis viser det seg at Høgre sine freistnader på å vatne ut sidemålsundervisninga får støtte berre frå Framstegspartiet, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. Her frå feiringa av dei første 10.000 underskriftene for meir nynorsk i VG og Dagbladet. (Foto: Anders Malm, NPK)- Heldigvis viser det seg at Høgre sine freistnader på å vatne ut sidemålsundervisninga får støtte berre frå Framstegspartiet, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. Her frå feiringa av dei første 10.000 underskriftene for meir nynorsk i VG og Dagbladet. (Foto: Anders Malm, NPK)

Dette går fram av ei undersøking som Noregs Mållag har gjort blant dei politiske partia som er aktuelle ved Stortingsvalet i haust.

- Heldigvis viser det seg at Høgre sine freistnader på å vatne ut sidemålsundervisninga får støtte berre frå Framstegspartiet, og det er heller ikkje noko fleirtal for å svekkje mållova, seier leiaren i Noregs Mållag, Steinulf Tungesvik, i ein kommentar. - Men sjølvsagt er det visse skilnader partia imellom.

Noregs Mållag har stilt 6 konkrete spørsmål til dei ulike partia, og fått utfyllande svar frå alle.

Det er SV og Senterpartiet som endar opp som dei mest «nynorskvenlege» partia i undersøkinga, med full score og «Ja» på alle spørsmål, altså 6 poeng. Hakk i hæl følgjer Venstre og RV med 5,5 poeng. Medan Arbeidarpartiet og KrF har 4,5 poeng kvar. I botnen ligg Høgre med 3 og Frp med 1 poeng.

- Dersom den raudgrøne alliansen får fleirtal og det blir eit regjeringsskifte, ventar vi at det er dei to «nynorskpartia» SV og Sp som legg føringane for målpolitikken framover, seier Steinulf Tungesvik.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidemålet


Spørsmålet var slik: Vil partiet støtte obligatorisk opplæring og vurdering i skriftleg sidemål slik ordninga er i dag, og vil partiet støtte forsøk med betre obligatorisk sidemålsundervisning i komande stortings periode?
Frp og Høgre svarar klart nei, KrF, Venstre, Senterpartiet, Arbeidarpartiet, SV og RV svarar alle eit like klart ja.

Mållova


- Vil partiet støtte utviding av verkeområdet for mållova slik at ho vil gjelde statlege føretak som Posten og NSB? Spurde Mållaget.
Frp, Høgre og KrF svarar klart nei, medan Ap ikkje har vurdert seg ferdig og dei andre svarar ja.

Lærebøker


- Går de inn for tiltak som sikrar at lærebøker på nynorsk kjem til same tid og pris som bokmålsutgåvene, no når bokbransjen blir liberalisert?
Alle partia svarar ja.

- Det er eit veldig viktig signal at alle svarar ja på dette spørsmålet no når det skjer så store endringar i bokbransjen, seier Tungesvik. - Dette er ein innarbeidd rett, men det er så langt vi kan sjå ikkje kome på plass noko regelverk som sikrar dette enno. Difor er det svært bra å få eit einstemmig ja til at nynorske lærebøker skal kome til same tid og til same pris som bokmålsutgåvene.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Innvandrarar


Vil partiet løyve midlar til nynorske lærebøker for vaksne innvandrarar?
Frp svarar nei, Høgre og KrF har ikkje bestemt seg og dei andre svarar ja.

Nettleksikon


Vil partiet løyve midlar til nynorsk nettleksikon frå 2006?
Frp svarar nei, Høgre har ikkje bestemt seg, og dei andre svarar ja.

Eit nynorsk nettleksikon har vore arbeidd med i lang tid, og skal ein ta sjansen på å tolke svara i retning av å vere forpliktande, skulle det meste liggje til rette for konkrete løyvingar over statsbudsjettet frå og med i haust.

- Det skulle berre mangle om Stortinget ikkje løyver pengar til eit nynorsk leksikon på nettet. Løyvingar til nettleksikon er den aller første saka vi krev handling i, uansett kven som sit i regjering, seier Steinulf Tungesvik.

Valprogram


Har partiet valprogram på nynorsk?
Frp og Arbeidarpartiet har ikkje. Alle dei andre har, enten på papir eller på internett eller begge deler.

- At Arbeidarpartiet ikkje har valprogram på nynorsk er ei klar nedvurdering. Dei kan heller ikkje skulde på at det er ei forgløyming, for dei hadde ikkje valprogram på nynorsk i 2001 heller, seier mållagsleiar Tungesvik. - Det er rett og slett for svakt av Ap, og dei bør sjå til å skjerpe seg. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk