Omsorgsbustader kan vere brannfeller

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nær halvparten av kommunane i landet har omsorgsbustader utan tilfredsstillande brannvern. Pensjonistane er opprørde. - Eg er redd det er store mørketal her, seier sekretariatsleiar i Pensjonistforbun

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Mange kommunar har ein tendens til å tenkje litt for kortsiktig. For å gjere det så billig som mogleg byggjer mange omsorgsbustader med for låg branntryggleik.

Halvparten av dei norske kommunane gjer for lite for å trygge omsorgsbustader, fortel Terje Olav Austerheim, avdelingsdirektør i DSB.Halvparten av dei norske kommunane gjer for lite for å trygge omsorgsbustader, fortel Terje Olav Austerheim, avdelingsdirektør i DSB.

Desse er rekna på funksjonsfriske, og ein gløymer kanskje at brukarane av desse bustadene om kort tid både kan vere dårleg til beins, og sitje i rullestol, seier avdelingsdirektør Terje Olav Austerheim i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) til Nynorsk Pressekontor.

Resultatet frå undersøkinga baserer seg på eit spørjeskjema som vart sendt til rådmennane i landets 433 kommunar. 297 av dei, som utgjer 81 prosent av befolkninga i Noreg, svarte på skjemaet.

- Situasjonen er betre enn for to år sidan. Ei undersøking frå 2003 viste at åtte av ti bustader for personar med pleie- og omsorgsbehov, ikkje hadde god nok branntryggleik. Det er ei lita betring, men framleis er det langt att til branntryggleiken er tilfredsstillande. Halvparten av kommunane har framleis gjort for lite, fortel Austerheim.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Store mørketal


Sekretariatsleiar i Pensjonistforbundet, Harald Normann, meiner den tilsynelatande betringa i branntryggleik ikkje er noko å slå seg på brystet for.

- Det er framleis 136 kommunar som ikkje har svara på spørjeskjemaet til DSB. Om eg var rådmann i ein kommune som hadde alt i orden i forhold til branntryggleik i omsorgsboligane, så hadde eg garantert svart på dette skjemaet. Eg er redd det er store mørketal her, seier Normann.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Harald Normann i Pensjonistforbundet er opprørd over branntryggleiken for medlemmane sine.Harald Normann i Pensjonistforbundet er opprørd over branntryggleiken for medlemmane sine.

Han fortel at han blir dårleg om han tenkjer på kva som kan skje i kommunar som ikkje tek dette alvorleg.

- Det kaoset som kan oppstå om det bryt ut brann slike stader, kor mange har nedsett syn og er dårleg til beins, det er ikkje hyggjeleg å tenkje på.

Det er nærliggjande å tru at lite tilfredsstillande branntryggleik munnar ut i skral kommuneøkonomi, og det kjem vi til å ta med oss på dei årlege møta vi har med Regjeringa for å diskutere statsbudsjettet, påpeiker Normann.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje dyrare enn nytt golv


- Enkle og billige brannverntiltak, som eit automatisk sløkkjeanlegg i desse bustadene, kunne gjere mykje for å betre tryggleiken. Eit slikt sprinklaranlegg kostar ofte ikkje særleg meir enn eit nytt golvbelegg, og det burde vere overkommeleg for dei fleste kommunar, meiner avdelingsdirektøren i DSB.

Direktoratet kjem no til å arrangere konferansar ni stader rundt om i landet, for å setje fokus på dette problemet. Det er eigaren av bygningen som har ansvaret for at branntryggleiken er i orden.

Og både eigar og brukar av dei aller fleste omsorgsbustader her i landet, det er kommunane sjølve. I kursinga av dei kommunalt tilsette vil det bli lagt vekt på:

Samarbeid og ansvarsavklaring mellom dei kommunale etatane.
Korleis oppgradering av branntryggleiken skal gjerast i praksis.
Brannvernopplæring for tilsette i sosial- og helseetaten.

Øvingar.


Tilsyn frå brannvesenet.
Ei arbeidsgruppe beståande av folk frå DSB, Sosial- og helsedirektoratet, Statens bygningstekniske etat og Husbanken har fått oppgåva med å sikre branntryggleiken og sette i verk tiltak for å betre den. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk