Kirurg blir heiltids humorspreiar

Kirurgen Stein Tyrdal har bestemt seg for å jobbe med humor på heiltid, og har teke eit års permisjon frå jobben ved Dagkirurgisk senter ved Ullevål universitetssjukehus.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

- Eg trur at eg kan gjera vel så mykje for folkehelsa ved å kommunisere optimisme, begeistring og livsglede, seier Tyrdal til Tidsskrift for Den norske lægeforening.

Piff verden


Kirurgen Stein Tyrdal tek eit års permisjon frå Ullevål universitetssykehus for å jobbe med humor på heiltid.Kirurgen Stein Tyrdal tek eit års permisjon frå Ullevål universitetssykehus for å jobbe med humor på heiltid.

Tyrdal blir sjef for det relativt nystarta kommunikasjonshuset Piff verden AS. Selskapet brukar humor som verktøy og har som mål å utvikle produsere, arrangere og distribuere daglege innslag og aktivitetar som er meint å skulle gjera arbeidsdagen hyggelegare, meir morosam og meir stimulerande for folk.

- I denne jobben vil eg vinkle humoren meir mot næringslivet og jobbe meir på kulturbyggjarsida. Vi skal gje eit piff til verda og begeistre oss sjølve og samarbeidspartnarane våre kvar dag, seier Tyrdal til Tidsskriftet. Piff verden er ein nettbasert kalender med nye innslag av blant anna filmar, animasjonar, bilete, eksistensielle undringar og avspenningsøvingar kvar dag.

Tyrdal har solid bakgrunn som humorspreiar som president i Nordisk selskap for medisinsk humor sidan 1999 og humorredaktør i Tidsskriftet. Han har skrive bøkene Humor og helse 1 og 2, og er dagleg leiar av Humorologisk institutt. Tyrdal har også reist kring i landet og halde foredrag om humor og helse. Det skal han halde fram med.


Livsviktig og livsfarleg


Humordoktoren meiner at humor er livsviktig når det blir riktig brukt, men at det kan vera livsfarleg når det blir brukt feil. Som pasient har han opplevd at ikkje alle legar behandlar pasientane like elegant.

- Legar er flinke på sak, men ikkje alltid så flinke med folk. Men fleire bør bruke humor i kvardagen, og eg har tre tommelfingerreglar som kan vera til hjelp, seier Tyrdal.

- Eg trur at eg kan utrette vel så mykje for folkehelsa ved å kommunisere optimisme, begeistring og livsglede, seier kirurgen Stein Tyrdal, som tek eit års permisjon frå Ullevål sykehus for å arbeide med humor på heiltid.- Eg trur at eg kan utrette vel så mykje for folkehelsa ved å kommunisere optimisme, begeistring og livsglede, seier kirurgen Stein Tyrdal, som tek eit års permisjon frå Ullevål sykehus for å arbeide med humor på heiltid.

For det første; dersom du har sympati med vedkomande kan du seia kva som helst, for sympatien vil skine gjennom i det du seier og sikre at du ikkje går over streken.

For det andre er det viktig å kontrollere at du blir oppfatta vennleg ved å følgje nøye med på reaksjonen hos samtalepartnaren. Og for det tredje; juster deg i forhold til mottakaren, tilrår Tyrdal. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk