Svulstmistanke mot mobiltelefonar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Personar som har brukt mobiltelefon i over ti år ser ut til å ha ein auka risiko for å utvikle ein sjeldan hjernesjukdom, viser ei ny undersøking frå fem europeiske land.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjukdommen viser seg om ein godarta knute på høyrenerva. Svulsten spreier seg ikkje til vevet omkring, og blir difor ikkje blir sett på som kreftsjukdom.

Men det er likevel grunn til å ta dette alvorleg, meiner overlege Christoffer Johansen frå den danske Kræftens Bekæmpelse. Han er ansvarleg for den danske delen av undersøkinga.

Cirka 100 danskar blir ramma av sjukdomen årleg. Johansen meiner at risikoen for å utvikle sjukdommen aukar med opptil 80 prosent dersom ein har brukt mobiltelefon i meir enn ti år.

Undersøkinga baserer seg på over 4000 intervju, men det blir understreka at resultata kan vera usikre fordi personar både med og utan sjukdommen skulle hugse mange år tilbake i tid.

- Men dette er eit viktig spor å forfølgje. Sjølv om det er snakk om ein godarta knute, kan ein miste hørselen, og svulsten kan også gje epileptiske anfall, seier professor Philippe Grandejean ved Syddansk Universitet til Jyllands-Posten. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk