Frp er ein hai - SV er ein hund

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske studentar mellom 19 og 25 år er spurde om kva dei assosierer med dei ulike politiske partia.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Unge folk stemmer mykje ut frå kjensler og assosiasjonar. Dei seier dei ikkje er interesserte i partipolitikk, men i samfunnet. Det artige er at assosiasjonane til dei unge ikkje er så langt unna verdiane som partia prioriterer, seier sosiolog og prorektor ved Oslo Markedshøyskole, Trond Blindheim, til Nynorsk Pressekontor.

SV- og Venstre-veljarar køyrer Think, Ap-folk køyrer Volvo, Høyre assosierast med Audi, Frp med Porche og BMW, Kristelig Folkeparti-veljarar køyrer Toyota, og Senterparti-folk køyrer Lada. (Foto: Think Nordic, NPK)SV- og Venstre-veljarar køyrer Think, Ap-folk køyrer Volvo, Høyre assosierast med Audi, Frp med Porche og BMW, Kristelig Folkeparti-veljarar køyrer Toyota, og Senterparti-folk køyrer Lada. (Foto: Think Nordic, NPK)

Blindheim spurde mellom 850 og 1000 studentar mellom 19 og 25 år kva dei assosierer med dei ulike partia. Mellom anna vart dei spurde om kva veljarane til dei ulike partia gjorde når dei skulle kose seg.

Skal ein tru dei unge, slår «streitingane» i Arbeiderpartiet seg laus med politisk debatt, Høgre-folk går på opera, teater eller et på fjonge Teaterkafeen.

Framstegsparti-veljarar dreg på tur med danskebåten eller på dansegalla med Vikingarna, medan SV-arane går på brun pub eller ein jazzklubb. Senterparti-veljarar koser seg på Landsskyttarstemnet eller dreg på gammaldans, medan Venstre-folka går på kino eller konsert. KrF-arar besøkjer familien.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Venstre er ein gorilla


Dei unges dom over partia er ikkje nådig. Direktørar i dress stemmer Høgre, lærarstanden stemmer Sosialistisk Venstreparti eller Venstre, medan drosjesjåførane og folkelege campingturistar stemmer Frp.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

SV er mest å samanlikna med ein hund, meiner norske første- og annangongsveljarar.SV er mest å samanlikna med ein hund, meiner norske første- og annangongsveljarar.

Men kva for dyr kan ein assosiere dei ulike partia med? Dei unge har svar: Framstegspartiet er ein hai. Senterpartiet er ei ku. Høgre er ei mus. Arbeiderpartiet er ein hest. KrF er eit lam. Venstre er kanskje dei som kjem mest uheldig ut av assosiasjonsleiken. Skal ein tru unge, norske veljarar, liknar partiet mest ein gorilla.

- Venstre-leiar Sponheim hadde ein del skjegg og hår i andletet på biletet vi viste, så kanskje studentane synst han likna litt på ein gorilla? Nokre ser kanskje på han som litt brautande også.

Eg hugsar eg så han på ein flyplass ein gong, og då skulle han absolutt først inn på flyet. Så han trengde seg på, så vesker og barn berre ramla rundt han, humrar Blindheim.

Han trur koplinga mellom hai og Frp kjem av at biletet av nasepartiet på haien kunne minne litt om ein karikaturteikning av partileiar Carl I. Hagen.
- Mange reknar og Frp for å vere eit rett fram og rått parti.

Blindheim legg vekt på at undersøkinga ikkje må bli teke for alvorleg, den er verken vitskapleg eller representativ. Mellom 850 og 1000 studentar blir spurde som ein del av eit kurs i merkevarebygging.

Artikkelen fortsetter under annonsen


- Image er viktig


- Hagen vart vel samanlikna med Donald Duck, fordi han kranglar med naboane sine, altså Høgre, og fordi han er folkeleg, meiner Trond Blindheim. (Foto: Disney.no, NPK)- Hagen vart vel samanlikna med Donald Duck, fordi han kranglar med naboane sine, altså Høgre, og fordi han er folkeleg, meiner Trond Blindheim. (Foto: Disney.no, NPK)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Studentane vart og bedne om å setje bilete av partileiarane saman med Disney-figurar. Dette kjem kanskje overraskande på mange: i Andeby-universet er Carl I. Hagen nemleg Donald Duck.

- Hagen vart vel samanlikna med Donald Duck, fordi han kranglar med naboane sine, altså Høgre, og fordi han er folkeleg, meiner Trond Blindheim.

Marcus Buck, valforskar ved Universitet i Tromsø, meiner dei unge har eit relativt godt bilete av partia og veljarane deira. Han meiner dei treff godt.
- Image er viktig, men det er dei politiske sakene som er viktigast når folk skal velje stemmesetel, seier Buck til Aftenposten. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk