Trakk barnetenner - gav sjokolade som takk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då norske forskarar drog til verdas mest avsidesliggjande busette øy for å studere den flotte tannhelsa, trakk dei ein jeksel på alle ungane og gav dei sjokolade som takk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette er ikkje eit bilete frå eit torturkammer, men frå ein norsk tannekspedisjon til Tristan da Cunha. Dette er ikkje eit bilete frå eit torturkammer, men frå ein norsk tannekspedisjon til Tristan da Cunha.

Ein norsk ekspedisjon sette i 1937 kursen mot øya Tristan da Cunha, etter å ha høyrt rykte om den fantastisk gode tannhelsa blant dei 188 innbyggjarane på øya. Øya ligg midt mellom Afrika og Latin-Amerika.

- Dette skjedde i tannpinas tid. Tannlegen oppdaga at tannhelsa på øya var svært bra i forhold til den norske befolkninga. Han trakk ei tann på alle barna. Som takk fekk dei ein sjokoladeplate kvar.

Neste morgon kom fleire av barna i håp om å få fleire sjokoladeplater. Nokre av dei fekk trekt enda ei tann. Forskinga blei for øvrig sponsa av Freia, fortel universitetslektor Cecilie Webb til universitetsavisa Uniforum.no.

Framleis god tannhelse?


Innbyggjarane på øya Tristan da Cunha hadde så fine tenner på 30-talet, at norske forskarar drog halve kloden rundt for å sjå på dei.Innbyggjarane på øya Tristan da Cunha hadde så fine tenner på 30-talet, at norske forskarar drog halve kloden rundt for å sjå på dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Webb arbeidar ved Seksjon for utoverretta verksemd ved Naturhistorisk museum på Tøyen i Oslo, og har hatt ansvaret for å rote fram alle dei gode historiene til den store Tristan da Cunha-ekspedisjonen. Historia seier ikkje noko om korleis tannhelsa utvikla seg etter at nordmennene hadde begynt å dele ut sjokolade på øya.

- Det veit vi dessverre ikkje noko om. Men ein må gå ut ifrå at tannhelsa framleis er relativt god der nede. Sjølv om tennene på Tristan da Cunha var betre enn her i Noreg på 30-talet, så hadde dei ein del mangelsjukdommar som følgje av lite mat til tider, som og kunne sjåast på tennene. I dag har dei godt med mat, forklarar Webb til Nynorsk Pressekontor.

Innbyggjarane på Tristan da Cunha var alle etterkommarar etter fem skipbrotne, ei «kreolsk» dame og ein attverande britisk korporal, ifølgje Uniforum.no.

Korporalen vart stasjonert på øya i 1815 i britisk frykt for at franskmennene skulle bruke Tristan da Cunha som base for å fri Napoleon, som sat fanga på den næraste naboøya, St. Helena. St. Helena ligg rett nok 2400 kilometer unna.

Takka vere ein forbipasserande kvalfangar som fanga opp de einsame øybuar-draumane om ekteskaplege gleder, returnerte han med fem «villige» damer frå St. Helena.

- Då den norske ekspedisjonen kom til øya, var det 108 innbyggjarar på øya som alle var etterkommarar etter desse. Men dei var alle ved god helse, det vart ikkje funne nokon teikn på innavl, forklarar Webb.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle barna på Tristan da Cunha ofra ei tann kvar i den norske tannhelseforskingas namn.Alle barna på Tristan da Cunha ofra ei tann kvar i den norske tannhelseforskingas namn.

I fleire generasjonar levde etterkommarane deira av fugleegg, fisk og potetar, og ikkje noko anna. Ingenting av dette kunne øydeleggje tennene deira. Då den norske ekspedisjonen dukka opp, hadde ingen av tristanittane smakt brød på eitt år.

Materiale frå ekspedisjonen er stilt ut i utstillinga «På jakt etter viten» i Zoologisk museum i Oslo. Utstillingen er open til slutten av april neste år. (NPK)


Alle foto: Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, NPK

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk