Krev naturgaranti av alle politiske parti

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein tredel av norsk natur er forsvunne dei siste 30 åra. WWF krev no naturgaranti av alle partia på Stortinget. Norsk natur må bli ein sjølvsagt del av valkampen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi har 18.000 kjende dyreartar her i landet. «Norsk naturindex 2005» baserer seg på 165 av dei. Men kartlegginga byggjer på dei beste metodane vi har i dag. Det seier litt om kor lite vi veit om den norske naturen, seier generalsekretær i WWF Noreg, Rasmus Hansson, til Nynorsk Pressekontor.

Kva for rett har vi til å herje med naturen på denne måten? spør generalsekretær i WWF, Rasmus Hansson. Han meiner tapet av norsk natur må inn i valkampen.Kva for rett har vi til å herje med naturen på denne måten? spør generalsekretær i WWF, Rasmus Hansson. Han meiner tapet av norsk natur må inn i valkampen.

I helga offentleggjorde WWF Noreg «Norsk naturindex 2005», som viser ein dramatisk nedgang i talet på dyr i norske dyrebestandar dei siste 30 åra. I gjennomsnitt er bestandane redusert med ein tredjedel. WWF krev no at myndigheitene lager ein talsvarande naturindeks årleg, slik at utviklinga i naturen kan følgjast frå år til år.

Har lova innsats


- Vi krev først og fremst ein garanti frå dei politiske partia om at tapet i det norske naturmangfaldet må bli stansa, forklarar Hansson.

Alle stortingspartia, unntatt Frp, slutta seg i 2003 til målet om å stoppe tapet av biomangfald innan 2010. Derfor bør det vere ei smal sak for partia å love at dei vil gjere vernet av Noregs naturarv til en hovudprioritering, meiner WWF. I framtida må utviklinga i naturkapitalen få same politiske styringseffekt som til dømes kronekurs, rentenivå og sysselsetjing.

- Det er urovekkjande om ein berre kan trekkje på skuldra kort tid etterpå, av eit nærast einstemmig vedtak på Stortinget. Det er ei sjølvfølgje at tapet av norsk natur blir tatt alvorleg, tordnar generalsekretæren.

Sverige driv no ei totalkartlegging av artsmangfaldet i landet, og bruker mellom 20 og 40 millionar kroner til dette årleg. WWF meiner det same bør gjerast i Noreg.

- Når vi knapt veit kva for artar vi har i landet og kor dei finst, er det svært vanskeleg å føre ein fornuftig miljøpolitikk, seier WWF-leiaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Representative artar


Hansson legg vekt på at dyreteljinga ikkje tek utgangspunktet i små, trua bestandar, men i vanlege dyreartar som er representative for store delar av norsk natur.

- Dette er ikkje det same som at mange artar har døydd ut. Men det kan bli resultatet dersom utviklinga held fram. Kartlegginga viser at norsk natur er blitt mykje fattigare på svært kort tid, seier Hansson.

Grunnane for å ta vare på den norske naturen er openberre.
- Først og fremst er dette eit etisk spørsmål: Kva for ein rett har vi til å herje med naturen på denne måten? Vidare har vi ein del ikkje-målbare gleder av ein rik natur, som helse og trivsel.

Og ikkje minst: Det er også eit spørsmål om kva Noreg skal leve av framover. Regjeringa la i førre månad fram ein handlingsplan for norsk reiseliv, med ei auka satsing på ei naturbasert turistnæring.

- Norsk reiseliv er ei næring i vekst. Om store delar av grunnlaget for dette reiselivet forsvinn, er ikkje det særleg gunstig, påpeikar generalsekretær i WWF, Rasmus Hansson. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk