Toppolitikarane dominerer valkampen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Toppolitikarane dominerer valkampen fullstendig. Den siste veka har éin prosent av stortingskandidatane fått over 70 prosent av valomtalen i norske nettmedium.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Utviklinga er ikkje problemfri, meiner Per Edgar Kokkvold, leiar i Norsk Presseforbund.

Over 3500 kandidatar er førd opp på listene til partia før stortingsvalet 12. september. Men berre 35 av dei, tilsvarande ein prosent, får brorparten av medieomtalen.

- Dette er utan tvil ein svært sterk tendens. Undersøkinga viser kor personifisert den norske valkampen er blitt, som alt anna i samfunnet. Ikkje berre er ideologiane døde, men også partia og programma hamnar i bakgrunnen. Media må spørje seg om dette er ønskjeleg, seier generalsekretær Per Edgar Kokkvold.


Stoltenberg mest pop


Jens Stoltenberg og Arbeidarpartiet er mest omtala i norske nettmedier sist veke. (Foto: arbeiderpartiet.no)Jens Stoltenberg og Arbeidarpartiet er mest omtala i norske nettmedier sist veke. (Foto: arbeiderpartiet.no)

Toppdominansen er størst i Arbeiderpartiet. Partileiar Jens Stoltenberg var nemnt i over 800 artiklar i nettmedia siste veke, medan dei ti neste Ap-kandidatane på lista var omtalt i til saman 300 artiklar.

- Andre Ap-kandidatar har nesten ikkje vore å sjå. Eg kan ikkje hugse ein valkamp der merksemda har dreidd seg så sterkt om Ap-leiaren, og eg hugsar valkampar tilbake til 60-talet, seier Kokkvold.

Jens Stoltenberg (Ap) er den mest omtalte politikaren sist veke, med 807 artiklar i norske nettmedium, ifølgje ei telling gjort av Opoint. Deretter følgjer Kjell Magne Bondevik (KrF) og Carl I. Hagen (Frp) med høvesvis 748 og 557 artiklar.

Medieomtala av Senterpartiet og Venstre er mindre prega av partileiarane. Sosialistisk Venstreparti er Kristin Halvorsens personlege parti, om ein skal dømme etter medieomtala. Ho er nemnt i 350 artiklar sist veke, medan dei ti neste SV-arane var omtala i til saman 240 artiklar. Nesten like dominerande er Erna Solberg i Høgre og Carl I. Hagen i Framstegspartiet.

- Dekninga av valkampen dreier seg meir om kven som skal vere i regjeringskontora enn kva som skal skje der. Denne utviklinga fortener ein debatt, seier Per Edgar Kokkvold. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk