- Personvernet har skrinne kår i Noreg

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kor mykje fridom skal vi ofre for at vi skal føle oss trygge? Eg meiner ein berre må finne seg i å leve med ein viss grad av utryggleik i eit fritt og moderne samfunn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Direktør i Datatilsynet, Georg Apenes diskuterer spørsmål om politikk, teknologi og personvern med kjende fagfolk i ei ny bok.Direktør i Datatilsynet, Georg Apenes diskuterer spørsmål om politikk, teknologi og personvern med kjende fagfolk i ei ny bok.

Det seier Georg Apenes, direktør i Datatilsynet. Han er oppteken av skjeringspunktet mellom fridom og tryggleik. Datatilsynet er 25 år i år. Det er tid for å sette viktige spørsmål om personvern på dagsorden.

- DNA-registeret til det norske politiet inneheld i dag fleire hundre valdsmenn. Det er berre eit spørsmål om tid før ein begynner å sjå på kva for genetiske kombinasjonar som går igjen hos desse, meiner Georg Apenes, direktør i Datatilsynet.

Og kva skal ein gjere så? Skal ein luke ut menneske med slike gen før dei har gjort noko gale? Spørsmål som desse blir reist i boka «Fra tillit til kontroll» som kjem ut i samband med 25-årsjubileet til Datatilsynet.

Personvern kontra tryggleik

Boka er eit forsøk på å kvervle opp debatten om personvernet kontra kjensla av tryggleik, etter terrorangrepa fleire stader i Vesten dei siste åra. Ein debatt som har hatt alt for dårlege vekstvilkår i den politiske jorda her i landet, ifølgje Apenes.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er, etter di meining, den største trusselen mot personvernet i dagens Noreg?

- Likesæla. Det har gått litt for fort, og litt for lett, å høvle ned viktige skansar i folks fridom. Det som overraskar meg mest, er kor lett det går å samle inn omfattande personopplysningar til eitt føremål, og så bruke dei same opplysningane i eit heilt anna høve, seier tilsynsdirektøren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Fra tillit til kontroll» har form av samtalar kor Apenes diskuterer viktige spørsmål i forhold til politikk, teknologi og personvern med ulike fagpersonar. Teknologiekspert og forskar ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo, Gisle Hannemyr, er ein av dei.

Krev meir kartlegging

- Stortinget har akseptert at politiet i sitt arbeid med kriminalsaker skal kunne bruke opplysningane og registra til innvandringsmyndigheitene. Er det ikkje då aktverdig at fingeravtrykk frå innvandringssøkjande kan bli brukt i forbrytarjakt? spør Apenes i boka.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Rent prinsipielt er eg yttarst betenkt - særleg dersom asylsøkjaren får opplyst at opplysningane skal bli brukt til formål A, og seinare får vite at dei i tillegg skal bli brukt til formål B. Man kan jo i det heile tenkje seg ei rekkje situasjonar der personopplysningar innsamla under visse, oppgjevne føresetnadar for framtidig bruk, seinare kan vise seg uhyre nyttig i ein heilt anna samanheng, svarar Hannemyr.

- Vi er på veg inn i eit samfunn som godtek masseovervaking. Men blir vi tryggare av det? spør teknologiforskar Gisle Hannemyr.- Vi er på veg inn i eit samfunn som godtek masseovervaking. Men blir vi tryggare av det? spør teknologiforskar Gisle Hannemyr.

Samfunnet krev at stadig meir skal kunne kartleggjast, meiner dei to. Både det offentlege og private aktørar samlar inn store mengder informasjon om deg, for å møte dette kravet. Ny teknologi gjer at desse informasjonsbitane kan bli sett saman, og gje eit omfattande bilete av enkeltmenneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eit forsikringsselskap vil nok til dømes ha god nytte av, og derfor stor interesse av, innsyn i genkartet til den enkelte forsikringstakar, for å vere i betre stand til å vurdere den risikoen selskapet tek. Dei kjernesunne med utsikt til eit langt liv vil få låg premie, medan folk i dei tunge risikogruppene neppe vil få teikne avtale i det heile, seier Hannemyr i boka.
(NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk