Hundar og kattar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Populære og ikkje fullt så populære husdyr (2): Menn liker hundar, kvinner liker kattar. Kvifor er det slik?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvifor er det så mange som er interesserte i å bli tvinga til å gå på tur tre gonger om dagen, og kvar gong bere rundt på ein pose med skit halve turen? Og kvifor er denne interessa er mest vanleg blant menn?

Kattar gjer som dei vil.Kattar gjer som dei vil.


Ein naturleg konklusjon

Prikken over i-en og ein naturleg konklusjon når ein har fått seg jobb og hus på landet, er for meg: Ein katt! Endeleg, etter mange års endelaus venting, skal eg få meg katt.

Gutar: Vil heller ha hund


Når eg fortel denne fantastiske nyhenda til menn eg kjenner eller treff på min veg, har eg lagt merke til at dei alle, utan unntak, seier at dei ikkje liker kattar og at dei heller ville ha hatt ein hund.


Jenter: Like begeistra


Når eg fortel om katten til jenter, er dei like begeistra som meg. Dei vil óg ha seg katt når dei får fast jobb og flyttar på landet.

Såvidt eg kan sjå, er altså dei fleste menn interesserte i å ha dyr som elskar dei uansett kva dei gjer. Dei liker slike som sleikjer dei i fjeset berre fordi dei kjem heim. Og som tvingar dei til å gå på tur heile tida og bere på bæsj.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Grev ned skiten sin sjølv


Kattar og hundar kan leve under same takKattar og hundar kan leve under same tak

Kvinner derimot, er meir interesserte i vesen som er opptekne med eigne prosjekt. Dei er kanskje ikkje er heime i det heile når vi kjem heim. Dyr som grev ned skiten sin heilt sjølv, på ein stad vi ikkje eingong veit om.

Kvifor er det slik? Og kan me forstå noko vi ikkje visste frå før om forholda mellom kvinner og menn ved å tenkje litt over dette?




Meir om hundar og katter på nettet: