Importerer stadig meir EU-arbeidskraft

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske arbeidsgjevarar kjøpar stadig meir arbeidskraft frå nye EU- og EØS-land. LO åtvarar mot mange useriøse aktørar i bransjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Talet på arbeidsgjevarar som ønskjer å nytte arbeidskraft frå dei nye EU-landa er stigande, ifølgje ei fersk undersøking.Talet på arbeidsgjevarar som ønskjer å nytte arbeidskraft frå dei nye EU-landa er stigande, ifølgje ei fersk undersøking.

Ei undersøking gjort for Aetat blant 2.000 bedriftsleiarar i Noreg, slår fast at det blir nytta stadig meir arbeidskraft frå dei nye EU-landa i Aust-Europa.

Konklusjonen frå undersøkinga er at dei fleste aktørane har ordna arbeidsforhold, både med tanke på lønn og tilsetjing. 62 prosent av arbeidstakarane mottek tariffløn, 11,2 prosent har løn over tariffen, og 12,6 prosent har minstetariff eller lågare.

Børre Pettersen, spesialrådgjevar i LO, har sett på undersøkinga, og stussar over ein del av funna. Undersøkinga er gjort av kommunikasjonsbyrået Perduco på vegner av Aetat Eures, som er Aetats verktøy for arbeidsformidling i Europa.

- Mellom anna blir det sagt i undersøkinga at dei fleste av arbeidarane frå dei nye EU-landa er tilsett i byggjebransjen. Men ifølgje tal frå Utlendingsdirektoratet er dei fleste sesongarbeidarar i landbruket. Vidare er undersøkinga temmeleg uryddig i ein del omgrep, til dømes blir det vist til «Tjenesteregulativet i EU», men det eksisterer ikkje. Det er i det heile ein del ting her som gjer at eg ønskjer å gå nærare inn i undersøkinga, forklarar Børre Pettersen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vikarbyrået tek mykje av kaka


Men om konklusjonen av undersøkinga er rett, at det stort sett er ryddige arbeidsforhold for EU-arbeidarar, gler han seg over det.

- Om undersøkinga er ein indikasjon på at det er meir ryddige forhold for desse arbeidarane no, så er ingenting betre enn det. Det har LO kjempa for i nærare hundre år. Vi har ønska frammedarbeidarar velkomne, så lenge arbeidsforholdet held seg til norske reglar, seier spesialrådgjevar Pettersen.

Ifølgje undersøkinga frå Aetat har drygt 34 prosent av desse arbeidstakarane nytta norske rekrutteringsbyrå, og drygt 11 prosent har nytta rekrutteringsbyrå i utlandet. Her er det mange useriøse aktørar, både norske og utanlandske, fortel LO-rådgjevaren.

- Det er ikkje alltid at arbeidstakaren sitt igjen med så veldig mykje av kaka, etter at vikarbyrået har tatt sitt. Om arbeidsgjevaren meiner han har betalt tariffløn, er det ikkje sikkert at så veldig mykje av den har gått til den som har gjort arbeidet. Men då snakkar eg om mindre aktørar, og ikkje om store internasjonale byrå som Adecco og Manpower, påpeikar Pettersen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Dårlegare arbeidsforhold


I fjor sommar kjørte Arbeidstilsynet ein landsdekkjande aksjon på byggjeplassar, kor dei såg på fallsikring og førebygging av ulykker under transport, såkalla HMS-planar.

Over 40 prosent av byggherrane hadde utilstrekkelege eller for dårlege HMS-planar. Rådgjevar i tilsynsavdelinga til Arbeidstilsynet, Berit Bøe, fortel at det kan vere lettare for arbeidarar frå dei nye EU- og EØS-landa å godta dårlege arbeidsforhold.

- Arbeidstakarar som er i landet mellombels er definitivt meir utsette. Det kan kome av språkproblem, eller at ein let det skure, fordi ein berre er her ein avgrensa periode. Vi har og sett døme på arbeidarar som ikkje melder ifrå om uhaldbare arbeidsforhold, fordi dei er redde for at det då kan bli vanskelegare å få arbeid seinare, fortel Bøe.

Ho seier at Arbeidstilsynet arbeider for å avgrense talet på useriøse aktørar.
- Vi jobbar heile tida for at arbeidstakarar i Noreg skal ha forsvarlege arbeidsforhold. Ingen er tent med at ein som austeuropear til dømes skal ha dårlegare fallsikring enn ein norsk arbeidstakar. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk