Jenter i tidleg pubertet drikk meir

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jenter som kjem tidleg i puberteten rapporterer om meir risikofylt drikking også seint i tenåra.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg hadde trudd at skilnadene mellom dei tidleg mogne og dei andre jentene ville jamnast ut med åra, og vart overraska over kor lenge denne drikkekulturen vara blant jentene, seier helsesøster og høgskulelektor Grete Bratberg. Ho er stipendiat ved HUNT Forskingssenter, og førsteforfattar av denne studien om timinga av puberteten og samanhengen med alkoholbruk og røyking.

Ikkje gutane


Bratberg fann ikkje den same tendensen blant gutar. Dei som kom tidleg i puberteten rapporterer om meir risikofylt drikking i heilt ung alder, men ikkje som 18-19-åringar. Dei gutane som kom seint i puberteten oppgav eit mindre risikofylt drikkemønster både i yngre og eldre alder.

Når det gjeld årsaka til at jenter i tidleg pubertet drikk meir enn andre, seier Bratberg at desse jentene er tidlegare ute enn alle andre på same alder. Dei blir gjerne oppfatta som meir mogne enn dei er og behandla deretter.

Enkelte av dei har også slakkare grenser heime, og gjennom eldre vener og kjærastar blir dei gjerne eksponerte for alkohol tidlegare enn jamaldringane.
Bratberg meiner at helseopplysning om alkohol og røyk i større grad bør differensierast etter kor mogne dei unge er.

- Generelt sett har dette med utviklingsskilnader fått lite merksemd i førebyggjande helsearbeid, seier Bratberg til Dagens Medisin. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk