Åtvarar mot overvaking på høgskular og universitet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stadig fleire skular og universitet tek i bruk e-læringsverktøy som til dømes It's learning og Classfronter. Datatilsynet åtvarar mot overvaking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Representantar frå Datatilsynet har vore rundt på undervisningsstader for å sjå på bruken av desse e-verktøya. Desse verktøya er ein type virtuelle klasserom, kor ein til dømes kan levere oppgåver og eksamenar.

Desse verktøya gjev moglegheit til ei samla framstilling av aktiviteten til elevane. Statistikken over denne aktiviteten kan bli brukt til overvaking, meiner Datatilsynet. Konklusjonen frå tilsynsrunden er klar.

- Moglegheitene for å følgje innsatsen til den enkelte kan bli enklare med eit slikt verktøy, men det er også openbert at grensa mot overvaking kan opplevast som hårfin, seier Atle Årnes, senioringeniør i Datatilsynet.
Under tilsynsrunden vart det oppdaga fleire manglar, mellom anna mangel på internkontroll på e-læringsprogramma.

- Det er viktig at skulane har rutinar for korleis eit dataverktøy med så omfattande moglegheiter for overvakings skal bli brukt og handtert. Når slike rutinar ikkje er på plass, kan det sjå ut som om grensa for kva som er akseptabelt må bli avgjort av den enkelte brukar, seier Årnes.

Datatilsynet påpeiker at det ikkje berre er elevane som skal vere merksame på desse problemstillingane. Lærarar som brukar dei same virtuelle klasseromma som studentane, kan og vere like sårbare for overvaking frå kollegaene sine, som elevane er frå sine lærarar, slår tilsynet fast i eit brev som avsluttar tilsynssaka. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk